Om fotoserien

Av Johanne Nyborg

September 2021

Reise er endring. Endring, forandring, omlaging, omskifte.

Noko blir til noko anna.

I arbeidet med fotoserien fann eg meg sjølv ståande midt oppe i endringa. Ei bestemor døydde, og kun timar etter begravelsen sto eg med hendene fulle av nye liv i sauefjøsen, blodig frå knea og opp til haka.

I løpet av den samme veka blei det vår, vinter og så vår igjen.

Med ei dokumentarisk tilnærming har eg teke utgangspunkt i nokre av desse endringane for å skildre små og store reiser; hos menneska, dyra, tinga og i naturen.


Om fotografen
Johanne Nyborg (1994) er fotograf og visuell kunstnar, og jobbar med fakta og fiksjon for redaksjonelle og kommersielle kundar. Ho er oppvaksen på Vestlandet, men er no basert i Oslo. I hennar personlege prosjekt finn ho inspirasjon og motivasjon i naturen og menneska sitt forhold til den.

Godkjent artikkel før siste korrektur. Mindre avvik fra trykt artikkel kan forekomme.
Denne artikkelen sto på trykk i Arr 2/2021
Reise
Les også: