Å brenna ned og så stiga frå oska

Foto: Markus Spiske, Pexels

Å brenna ned og så stiga frå oska

Av Idunn Victoria Rostøl

Januar 2021

Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution

Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution

Breanne Fahs (red.)

Verso
New York, 2020

Eit spennande innblikk i ein skrifttradisjon få har høyrt om og endå færre veit noko særleg om.

Have you any notion how many books are written about women in the course of one year? Have you any notion how many are written by men? Are you aware that you are, perhaps, the most discussed animal in the universe?
Virginia Woolf, A Room of One´s Own, s. 28.

Å vera i verda som kvinne eller ikkje-binær er å leva i eit språk og ein kultur som har skapt og skaper ein om til eit omdiskutert dyr. Det er ei heftig oppleving, og i møte med ho kan ein rasa, grina, gapa, smella, flira og gnissa. Eller komma med ein syrleg og snerten kommentar, som Woolf så ofte gjer i tekstane hennar. Men det er ikkje den alltid snøgge og velformulerte Woolf me finn i den rykande ferske samlinga Burn it down!. Ho, som så ofte er sjølve det einslege feministiske trekkplasteret på pensumlista, er faktisk ikkje med i samlinga i det heile. Blant dei 77 tekstane som spenner frå 1851 til 2018 finn ein verken Woolf eller Wollstonecraft. Antologien er med andre ord frigjerande fri frå gjennomknaka essays. Burn it down! handlar nemleg ikkje om dei få kvinnene som gjennom filosofiske verk har kjempa seg til ein plass blant dei gamle og kvite gutane, men om dei mange manifesta (ofte utan namngitt forfattar) som gir oss eit glimt av kva ein kan skapa i det vanskelege møtet mellom den ein er og den ein kan vera. Breanne Fahs, professor i kjønnsstudiar ved Arizona State University, har samla manifest frå forskjellige retningar innanfor feminismen, der nokre er kjende og spreidde for alle vindar, medan andre fyrst nå blir tilgjengelege for allmenta. Burn it down! er eit uhyre spennande stykke arbeid, og i denne teksten skal me utforska kjensler i møte med og i møta i Burn it down!.

Aller fyrst: Dette er ei bok med eit mål. Allereie i andre del av tittelen, Feminist Manifestos for the Revolution, merker ein at dette ikkje er nok ei estetisk coffee-table-book. På omslaget til boka slår det radikale forlaget Verso Books fast at Burn it down! er eit krigsrop og eit krav om handling. Vidare hevdar forlaget at den sinte og ikkje-sindige feminismen som kjem fram i manifesta er akkurat den typen feminisme me treng i dag, og i innleiinga tar Fahs sjølv avstand frå den liberale feminismen som ynsker seg «moderasjon og sakte veksande, ‘vent og ver tålmodig’-reformer.»1

Dette er ei radikal feminisme som definerer seg sjølv som utkanten av rørsla, men som med boka ynsker å vinna terreng. Ein kan likevel stilla spørsmål ved om det å mana til sinne og handling innanfor den feministiske rørsla er særleg radikalt i dag, då ein ser ein aukande aksept av og respekt for sinne som drivkraft. Eit eksempel er den populære Good and Mad: The Revolutionary Power of Women’s Anger av skribenten Rebecca Traister, ei bestseljar skriven i etterkant av kvinnemarsjen i Washington i januar 2017. Under og etter kvinnemarsjen såg Traister fleire hundretusen kvinner reisa seg i kollektivt sinne, der mange gjorde det for fyrste gong. Boka er ei undersøking av kva sinne er og korleis det har vore ein katalysator bak sosiale rørsler. Målet er å inspirera dei nyleg vekka, rasande aktivistane til å halda ut; å gå ikkje gå tilbake til apatien og ignoransen: «Vårt arbeid er å halda fram med å vera sinte.»2 Det verker noko karikert då Fahs og forlaget teiknar opp ein liberal, ufarleg og ikkje-aktivistisk mainstreamfeminisme i motsetning til seg sjølv, spesielt når ein ser korleis kvardagsfeministar samlar seg verda over i demonstrasjonar knytte til sakar som abortrettar, kampen mot seksualisert vald, skeives rettar, BLM og ikkje minst #metoo. Heller enn å lesa Burn it down! som ein einsam brannfakkel, bør ein sjå ho som glør frå eit massivt bål.

Utgivinga er med andre ord i aller høgaste grad eit innlegg i politiske debatter frå forfattar og forlag om kva for ein type samfunn me ynsker oss, korleis me skal kjempa det fram og kva feminisme skal vera i 2020. Fahs understreker i innleiinga at boka ikkje er samla for å vera eit tidsfordriv eller underhaldning, men fordi «me treng denne typen arbeid i våre liv.»3 I desse setningane, som på sett og vis kan vera ein programerklæring for boka, skildrar Fahs kva som er meininga med ho:

Det endelege målet med denne samlinga av feministiske manifest er å retta handlekrafta vår mot undertrykkinga vår sine mange mål, å skamlaust arbeida som både individ og fellesskap, å ynska velkommen nye og gløymte stemmer frå den feministiske motstandsrørsla og å uttrykka rettferdig sinne høgt og påståeleg, sjølv med vekta av verda på skuldrene våre. La oss brenna det ned.4

Fahs meiner behovet for Burn it down! er presserande akkurat i 2020, då me lev i tider med stor sosial uro. Ho hevdar me er tilbake på startlina i kampen mot «grådig kapitalisme, egoistisk konservatisme, anti-intellektuell maskulinitet og stadig dårlegare levekår for nærast sett alle undertrykka menneske.»5 Fahs anerkjenner at visse framskritt har skjedd, t.d. er mykje av latterliggjeringa andrebølge-feminister møtte historie, men ho peiker samstundes på at fleire samfunnsforhold i samtida er ubehageleg like dei andrebølge-feministene levde under; me lev i ei verd herja av finansiell sårbarheit, strenge kjønnsnormer, rasistisk vold, omfattande homofobi og stadig aukande klasseforskjellar. Verda ho skildrar er med andre ord ei blodig urettferdig verd i djup krise. For å takla vonde kjensler som oppstår i møte med denne verda, les ho feministiske manifest som verktøy for å forstå dei: «Korleis skal me elles skapa meining i vreiden vår, i kjensla vår av forvirring og implosjon, i våre overhengande kjenningar av undergang og kvelte moglegheiter?»6 Fahs har eit håp om at manifesta på denne måten òg kan fungera som trøyst og lindring, som ein solidarisk skulder, for dei mange som sit med denne verdsopplevinga og kjenner seg djupt og inderleg åleine.7

Manifesta kan gje støtte og mot gjennom resonans, men òg opna auge ein helst vil knipa igjen. Burn it down! er altså meint som eit krigsrop, men òg eit erkjenningsmiddel for å fatta seg sjølv og samtida. Men korfor manifestet? Korfor vel Fahs å løfta fram obskure, gamle flygebladmanifest med klistremerke, overstrykingar og teikningar, framfor romanar, kunst, essays, dikt og filmar? Kva er det som, ifølge ho, gjer manifestet til eit så fenomenalt medium i møte med rotete kjensler?

For å forstå korfor manifestet, må me undersøka nærare kva Fahs definerer som eit manifest. Fahs opererer nemleg ikkje med ei tørr punktliste med strikse sjangertrekk, då manifest «misliker reine og distanserte intellektuelle rammer».8Manifesta har blitt stifta på husvegger, teipa på lyktestolper og delte ut på gata; dei er slett ikkje meinte for retoriske analyser og grundig kuratering. Manifesta er uinteresserte i kanonisk kategorisering og manglar som oftast skolert stamtavle; ei stamtavle dei uansett har lite respekt for. Manifesta er på formon flyktige, noko som gjer det mogleg å unngå historikarens klamme grep. Manifesta øydelegger og forventar å bli øydelagde. Og det er nettopp dette ville, uhemma og beintframme som, ifølge Fahs, gjer dei så geniale og farlege. Uavhengig av alder pulserer dei med liv og energi. Dei både håper og øydelegg, reflekterer og avbryt. Dei er draumarar og bulldosarar. Dei har ingen respekt for fortida. Dei gøymer seg ikkje bak pretensiøst språk. Dei er rasande. Dei nektar å vera stille. Dei vil ha det som er nytt og nå, og dei vil ha det straks. Dei drar deg med og forvrenger både tid og stad. Dei er ikkje interesserte i at du som lesar skal møte teksten gjennom å dissekera argumentasjonsrekker og det som verre er; dei forlanger ein spontan emosjonell respons. Du skal le, skrika og skjelva i buksene av skrekk. Og verda di skal vera deira.9

Med ei slik sjangerforståing og påfølgande avgrensing av forskingsområdet «manifest», er det kanskje ikkje overraskande at Fahs stemplar forskingsstoda som skral. Ho slår fast at det ikkje finst mykje skriven historie om manifestet generelt og det feministiske manifestet spesielt.10 Dei fleste manifestsamlingar er anten knytte til kunst (og er som oftast skrivne av menn) eller revolusjon (og er som oftast skrivne av menn). Samlinga til Fahs skal derimot løfta fram aktivister, agitatorar, urokråker og klagarar, der fleire er kvinner. Burn it down! skal vera ei samling som bryt med dei sterkt kjønna normene for respektabilitet som herjar både innanfor og utanfor akademia. Samtidig vil ho gjennom å inkludera manifest som er både korte og lange, visuelle og skrivne, tradisjonelle og utradisjonelle, tilgjengelige og obskure, eldre og yngre, kjende og ukjende, utfordra og endevenda kunnskapsskapande praksisar som held akademiske og ikkje-emosjonelle dokument høgare enn dei som bankar med sterke kjensler.11

Fahs skriv vidare at arbeidet med å samla manifesta har vore vanskeleg, og ho samanliknar det med å temma ville hestar.12 I denne treffande metaforen kjem noko av dei grunnleggande dilemmaa ved boka fram; for går ikkje Fahs nettopp mot det ustyrlege som ho beundrar ved manifesta, då ho i kraft av å vera respektert akademikar vel å samla og temma dei mellom to permar? Men om ho heller hadde valt å ruga på desse manifesta framfor å publisera dei, hadde ho ikkje då hindra den vidare sirkuleringa av manifesta og snytt andre for sjansen til å dykka ned i desse spesielle tekstane? Fahs går ikkje inn på desse spørsmåla i boka, noko eg saknar; det skjer mykje med ein tekst og korleis ein les han i reisa frå samanrulla flygeblad på gata til feira og glatte sider i ei påkosta bokutgiving, og det hadde vore interessant om ho reflekterte noko over den mektige rolla ho har som den som vel kva som skal plukkast opp frå gata og ikkje.

Nokre av manifesta i boka er transkriberte, andre er skanna som dei er. Dei skanna manifesta gir ein spennande og materiell dimensjon til lesinga; å kunne sjå understrekingar, rettingar, merke etter ein penn som har blitt pressa såpass hardt i arket at det rivnar, notat i margen, dei sterke neonfarga på arka, bombeillustrasjonen nedst på sida, handskrifta og dei glitrande klistremerka gir lesaren eit anna blikk på teksten. Og kanskje eit som er lite grann nærare det slitte flygebladet på fortauet.

Dei 77 manifesta er sortert tematisk i boka, under dei åtte kategoriane Queer/Trans, Anticapitalist/Anarchist, Angry/Violent, Indigenous/Women of Color, Sex/Body, Hacker/Cyborg, Trashy/Punk og Witchy/Bitchy. Ved byrjinga av kvart temakapittel har Fahs inkludert ein innleiing på ei side eller to, der ho kort skildrar rørslene kapittelet handlar om. Ho har bevisst valt den tematiske vegen heller enn den kronologiske, geografiske eller disiplinære, då ho meiner ein tematisk inndeling inviterer lesarane til å sjå mangfaldet i kor forskjellig manifesta angriper same emne. Fahs lar manifest som er pro-sexarbeid vera i tandem med andre som er mot, og manifest som omfamnar vald er side om side med pasifistiske manifest. Målet er å vektlegga spenningar og motseiingar, og gjennom dette grepet visa at historia slettes ikkje er rein eller foreina; «ho er ikkje skapt for å la lesaren føla seg komfortabel eller roleg.»13 Lesaren skal møta motstand i samlinga. Her er det ikkje snakk om eit samla kor ein kan eller skal slutta seg til, men heller eit hav av meiningsbrytingar som er meint å provosera, gjera deg uroleg og la deg gli inn på ein våg du ikkje har visst um. Du skal kunne sjå noko av deg sjølv stirra tilbake der du bøyer deg over havflata, for dei radikale tankestraumane ein finn i meiningshavet «bør, på den eine eller andre måten, treffa ei nerve.»14 Det manglar med andre ord ikkje tro på tekstens transformerande kraft, men det skulle vel berre mangla i ei bok som er satt saman nettopp med dette som nav; utgangspunktet er at tekstane i møte med lesaren har eit revolusjonerande potensiale, og i lag med dei skal ein våga å tenka dristige tankar som kan leia verda over på ei betre lei.

Ei bok med såpass store forventningar om kva lesaren kan få til i møte med teksten, kjem òg med råd og føringar for kor og korleis ein skal lesa ho. Innanfor akademia anbefaler Fahs å bruka Burn it down! som kjeldetekst i kurs om kjønnshistorie, kvinnehistorie og feminismens historie. Ein kan føya til at ho òg er høgaktuell i emne om sosiale rørsler og aktivisme meir generelt. Boka handlar om dei som ofte blir gøymt og gløymt, og ho skal vera ei kraftig påminning til akademikarar generelt om kven og kva dei ofte ekskluderer frå arbeidet sitt. Utanfor akademia er ynsket at ho skal tilby ei livgivande samkjensle for aktivistar. Boka skal vera eit fellesskap og eit inspirerande innblikk i dei mange moglegheitene ein har til å yta motstand. Til sist i introduksjonen råder Fahs alle lesarar, innanfor eller utanfor akademia, til å verkeleg setta seg ned med boka og la ho sluka deg.15

Og eg har blitt slukt, fillerista og omfamna. Eg sit igjen fortumla, forarga, forferda og forelska. Manifesta i Burn it down!gir ikkje rom for tvil, diskusjon, kompromiss eller spørsmål. Dei er overhovud ikkje interesserte i å på nokon måte tekkast lesaren. I manifesta eksisterer berre den verda forfattarane teiknar opp, og som lesar må du underlegga deg. Dette er ein del av dei performative grepa ein finn i feministiske manifest, der ein for anledninga tar på seg maktspråket ein vanlegvis er kua under. I denne samanhengen er maktspråket språket til det maskuline og patriarkalske hegemoniet, ei streng og diktatorisk stemme som normalt er reservert rike og mektige menn.16

Uhøflege, utålmodige, irriterte og ufyselege skyler manifesta over deg, og ein har ikkje anna val enn å flyta med. Med mindre ein blir provosert og legg boka vekk. (At ein gøymer ho tilbake i bokhylla fordi ho er kjedeleg er utelukka. For er det noko ho ikkje er, så er det dét.) Men om ein får ein spontan emosjonell reaksjon i møte med boka som er så ubehageleg at ein vil hiva ho i golvet, stempla ho som vrøvl og liksom heva seg over dei kjenslesterke tekstane gjennom å flira hovent, går ein glipp av noko verdifullt. Dei skamlause manifesta pirkar borti tusen ubehagelege sprekker ved liva våre formidla av tusen stemmer som er drivne til stupet. Gjennom å låna seg sjølv til dei og la dei suggererande setningane flytta grensene mellom deg og teksten, får du eit glimt av andre liv, andre tankar og andre kampar. Kanskje kjenner du deg igjen for fyrste gong, kanskje er det du møter heilt framand. Uansett er det dyrebare møter, og om du våger å la andre få rom i deg for ei stund vil du få ei rikare forståing av både seg sjølv og andre. Og det skal ein aldri kimsa av.

Fram til nå har eg skrive mykje om manifesta, men dokker har til gode å få eit glimt av dei. For å visa noko av perspektivoverfloda ein finn i samlinga, vil eg i siste del av teksten trekka fram tre forskjellige manifest med spesiell vekt på korleis dei uttrykker og tenker kring kjensler, og då særleg sinne. Dei tre manifesta er frå 1851, 1967 og 2014, der to kjem frå temaet Angry/Violent og eit frå Hacker/Cyborg. Både tid, stad og forfattarar spriker, men nokre grunnleggande tema i den feministiske rørsla samlar dei likevel. Dei strittar alle mot roller dei ikkje er interesserte i å fylla. Dei sprenger opne nye og større rom i samfunnet, der det er mogleg å bevega seg friare og pusta djupare. Og sinne speler ein viktig rolle i dette arbeidet, om enn på forskjellig vis. Dei sit likevel med forskjellige lenker og løysingar, og det er eit spennande spenn her som gir oss ulike svar på korleis me kan tenka om komplekse kjensler og kjønn.

Det eldste manifestet i utvalet her og i Burn it down! er ei tale frå 1851 av Sojourner Truth (1797– 1883).17 Talen opnar med at Truth spør om ho kan få tala, for «eg vil seia nokre ord om dette temaet.»18 Ho fortel at ho er kvinnesaksforkjempar, før ho slår fast at ho har like store musklar som ein mann. Ho kan gjera like mykje arbeid som ein mann. Ho har pløya og hausta og hakka og slått, «og kan nokon mann gjera meir enn det?» Ho kan bera like mykje som ein mann, og ho kan eta like mykje òg; om berre ho får tak i maten. Ho er like sterk som kva mann som helst. Truth samanliknar så borgarrettar med alkoholeiningar; kvinner sit på ein 0,25 og menn på ein pint, og korfor kan så ikkje ho få hennar vesle pint fult opp? Dette er eit spørsmål som gjer «stakkars menn heilt forvirra, dei veit ikkje kva dei skal gjera.» Truth veit på den andre sida svaret: «Korfor barn, viss du har kvinners rettar så gje dei til ho og du vil føla deg betre.» Ho kan kanskje ikkje lesa, men ho kan høyra; og Truth veit godt at Jesus kom til jorda gjennom ei kvinne og Gud, mannen var ikkje involvert i det heile. Ho avsluttar tala med desse orda: «Og kvinner kjem opp velsigna av Gud og nokre få menn kjem opp med dei. Men mannen er i ein pressa situasjon, den fattige slaven er på han, kvinna kjem etter han, og han er utan tvil mellom ein hauk og ein musvåk.»19

Dette er ei særs kjent tale frå dei amerikanske kvinnenes andre fridomskongress i 1851, då Truth reiste seg og erklærte dei ikoniske orda «eg er like sterk som kva for ein som helst mann». Men i Burn it down! får me ikkje vita at det er nettopp her Truth framfører talen sin for fyrste gong, og me får heller ikkje vita noko om talesituasjonen. For kven er det Truth spør om ho kan få ordet? Og korfor appellerer ho til menn om å gje kvinner rettar gjennom pedagogiske eksempel, då ho jo er på ein fridomskongress der alle allereie er samla om stemmerett til kvinner? Og korfor så mykje prat om musklar? Dette er noko som må kommenterast, før me vier oss for fullt til Truths bodskap.

Ein del av filosofien til Fahs er jo å ikkje levera nokon akademisk tolking av manifesta, noko som gjer at dei står åleine i boka; einaste informasjonen lesaren får er eventuelle forfattarnamn, manifesttittel og årstal. Heilt bakarst i boka kan ein likevel finna noko historisk informasjon, då ho har skrive korte biografiar om dei ulike forfattarane. Her får me vita at Truth blei fødd som slave, rømte, blei kjøpt fri og livnærte seg som predikant. Ho blei ein viktig figur i abolisjonistrørsla, og i manifestet som er inkludert i boka utfordra ho rådande tankar om rasemessig og kjønna underlegenheit og ulikheit.20 Med Fahs’ verdsbilde er dette eit forståeleg val; ho vil la lesaren treffa teksten utan at ho skal legga meir mellom dei enn det ho ser på som nødvendig. Teksten skal prata for seg sjølv. Men. På vegne av dei som treffer den mektige talen til Truth i denne forma for fyrste gong, blir eg opprørt.

Fyrste gong eg trefte Truths tale var i Angela Y. Davis si bok Women, Race and Class. Og det er eg utruleg takknemlig for, for ved talen til Truth kjem svakheitene ved forma til Fahs så altfor tydeleg fram; å vita at Truth har slava på åkrane til kvite menn i fleirfaldige år gir ein heilt anna tyngde til skildringane hennar av musklar og slit. Å vita at Truth er predikant gir ein annan dimensjon til korfor ho grip til religionen. Og å kjenna til talesituasjonen snur talen frå eit noko bisart stykke papir til ein maktdemonstrasjon.

Fridomskongressen i Akron 1851 var i ferd med å bli ein katastrofe. Fleire fiendslege menn braut seg inn i lokalet der møtet føregjekk, og dei avbraut og forstyrra heile kongressen gjennom hånlege skrik, nedlatande kommentarar og aggressiv framferd. Alle kvinnene sat livredde og musestille på plassane sine. Leiaren for provokatørane skreik ut at kravet om stemmerett for kvinner var latterleg, då dei ikkje ein gong kunne gå over ein sølepytt eller komma seg inn i ei kjerre utan hjelp frå ein mann. Ei einsleg kvinne reiste seg opp, Truth. «Med ein stemme som torden», skildrar ei som var der, «sa ho, ‘Sjå på meg! Sjå på armen min,’ og ho rulla opp ermet for å visa den ‘valdsamme muskuløse krafta’ i armen hennar.»21 Med «utstrakte armer og auge av flammar» gjekk ho så laus på argumenta deira eit etter eit. Menna blei stille, kvinnene flauma over av stoltheit og «meir enn ein av oss sat med straumande auge».22 Mobben forlét beundrande og slukøra salen, Truth sto igjen.

Med dette kan me igjen venda oss til talen. Truth sin tale er ein spontan reaksjon på ein provokasjon, og ho er rasande. Ho er sterk som ein mann, settast like høgt (om ikkje høgare) enn mannen i auga til Gud og åtvarar menna om slavane og kvinnene som er etter dei. Men sjølv i allmakta ho utstrålte i augneblinken var ho avmektig. Ho er avhengig av å overtyda desse menna om hennar verdsbilde. Ho er avhengig av å få dei til å halda kjeft. Ho er avhengig av at dei skal gje ho noko, nemleg borgarrettar. Og ho er avhengig av at dei skal ville gje ho dette, anten nå for å «føla seg betre», eller seinare av nødvendighet når rovfuglane kretsar nærare og nærare. Ho må vinna respekt frå desse mennene som respektlaust har trengt seg inn på hennar arena. Ho må vera smart, diplomatisk og pedagogisk. Og det er ho. Truth vinn publikummet med logiske og teologiske argument framført med dirrande harme og oppbretta ermer. Ho tilpassar seg situasjonen, og kan nyta ein symbolsk siger ei ørlita stund; som svart kvinne er det jo uansett ikkje ho som går frå salen og ut i verda som sigrande part.

Neste manifest er òg vidt kjent, nemleg SCUM Manifesto frå 1967 av Valerie Solanas (1936– 1988). Fahs har tidlegare skrive ei bok om Solanas, og legg ikkje skjul på at dette manifestet har ein spesiell plass hos ho; Fahs døyper det rett og slett «det største feministiske manifestet som nokon gong er skrive».23 Det finst fleire forskjellige versjonar av manifestet, og her har Fahs valt ein frå 1967, som Solanas publiserte sjølv og helst ville sjå spreidd. Der talen til Truth er på ei side, strekker SCUM seg over nærare 50 sider. Der Truth var del av abolisjonistrørsla på siste halvdel av 1800-talet, kan me lesa i den korte biografien om Solanas at ho var del av eit radikalfeministisk og motkulturelt aktivistmiljø i New York på 1960- og 70-talet.24 Forma til Burn it down! fungerer betre i møte med SCUM, då ein les ein tekst som jo nettopp er, vel, tekst. Eg er like sterk som kva for ein som helst mann er jo ein tale som blei til i ein augneblink, og slett ikkje eit skriftleg manifest i typisk forstand, noko som gjer det til ein vanskelegare tekst å bryta gjennom i eit møte skrella for historisk kontekst. SCUM, derimot, slår deg i magen! Sjølv fleire tiår seinare er dette friskt og glødande. Eit manifest som funkar ypparleg i Fahs’ tekstunivers. Ein sjukt provoserande fryd. Berre les fyrste avsnitt:

Sidan dette samfunnet er, i beste fall, dritkjedeleg og ikkje noko aspekt av samfunnet på nokon måte er relevant for kvinner, er det opp til samfunnsengasjerte, ansvarlege, spenningssøkande kvinner å styrta myndigheitene, eliminera pengesystemet, instituera fullstendig automatisering og eliminera det mannlege kjønn.25

I manifestet er Solanas eineveldig. Ho er sarkastisk, satirisk, smart og sint. Der Truth i møte med mobben er avhengig av å halda seg på den hårfine linja mellom å krevja og be, er Solanas milevis frå diplomatiske forhandlingar og kompromiss. Ho ber ikkje overmakta om noko som helst. Ho krev ikkje noko frå dei heller, for ho har inga tru på at dei vil gje ho nokon ting. Ho er klar til å kapra det ho ynsker seg, det gjeld berre å samla flokken fyrst. SCUM er eit manifest som koker over, og å skulle gjengi berre eit par aspekt ved det er urettferdig. Men verda er jo urettferdig, så her skal me fokusera spesielt på korleis ho skildrar kjensler hos kvinner og menn.

Noko av det mest spennande med manifestet, er eit trekk det deler med sjangrar som utopien; ein kan snu verda på hovudet, og gjennom den typen balansekunster kan ein opna for nye vis å forstå samtida og førestilla seg framtida. ISCUM er det akkurat dette grepet Solanas bruker, då ho snur om på dei typiske forteljingane om kva kvinner og menn er. Etter ynsket i innleiinga om å «eliminera det mannlege kjønn», følger ho opp med ein kjapp forskingsstatus; sidan det i dag er teknisk mogleg å reprodusera seg utan menn og å produsera utelukkande kvinner, er det ikkje ein gong nødvendig å oppretthalda mannen for å reprodusera seg. Ergo er han nyttelaus. Dessutan er han jo ei biologisk ulykke; y-genet er eit uferdig x-gen, så mannen er med andre ord ei ikkje-komplett kvinne, eller som Solanas uttrykker det: «ein vandrande abort, abortert allereie på genstadiet.» Mannen er dermed «fanga i gråsona mellom menneske og apar»,26 og følgeleg lite velkommen i eit sivilisert samfunn. I naturvitskapen og filosofien har ein gjennom tusenår forsøkt å rettferdiggjøra undertrykking av kvinner gjennom spreke teoriar om form, stoff og kven som har meir eller mindre velutvikla kjønnsorgan. Den leikne satirikaren Solanas snur i SCUM på den «vitskapelege» forteljinga om kvinna som ein defekt mann, og påpeiker heller gjennom same tåpelege logikk at mannen er ei defekt kvinne.

Men kva så med kjenslene? Jo. I motsetning til apekatten veit nemleg mannen at han er ei defekt kvinne, som jo er det høgaste stadiet på værenskjeda. Dessutan er han i stand til å kjenna på fleire negative kjensler apa aldri kjem borti, som hat, sjalusi, forakt, skam og tvil. Denne kjipe komboen av vissheit om eigen utilstrekkelegheit og evna til negative kjensler fører til vonde sakar djupt rota i den mannlege naturen, som skam, usikkerheit, passivitet og frykt. Å vera mann er grunnleggande sett å vera ufullkommen, noko som går utover storleiken på kjenslespekteret; dei er emosjonelt innskrenka, eller «emosjonelle krøplingar». Den mannlege naturen evner ikkje å føla med og leva seg inn i andre menneske, noko som gjer at dei blir komplett egosentriske og fanga i seg sjølv. Dei klarer ikkje å identifisera seg med andre, så kjærleik, vennskap og nærleik blir umogleg.27

Menn klarer altså ikkje å identifisera seg med andre menneske, og dei veit godt kor lite velutvikla dei er. Han hater sin eigen passivitet og svakheit, og løysinga blir å projisera sin kjipe mannenatur over på kvinna. Med eit kan mannen flotta seg med feminine kvalitetar som emosjonell styrke, uavhengigheit, kulheit, påståelegheit, objektivitet, mot, integritet, vitalitet, intensitet og stiligheit. Menn forsøker vidare å bli kvinner gjennom å omgåast dei heile tida, noko han får til gjennom å stenga dei inne i heimen. Vidare hevdar menn at det flottaste ei kvinne kan oppleva er å vera mor og å ha sex med menn, men dette reflekterer berre kva dei trur dei hadde sett på som det viktigaste i verda om dei hadde vore fullkomne menneske, nemleg kvinner. Det einaste området der menn på nokon måte trumfer kvinner, er når det kjem til PR; menn har gjort ein fantastisk jobb med å overtyda millionar av kvinner om at menn er kvinner og kvinner er menn.28Solanas snur på typiske førestillingar igjen gjennom å bytta om dei typiske karakteristikkane av ein kvinneleg og manneleg natur. I same vending går ho dessutan til angrep på nok ein vitskapsgrein. Der ho i prat om genar og apekattar gjer narr av naturvitskapen og filosofien, er det her psykoanalysen som får gjennomgå. Gjennom å bruka psykoanalysen sine eigne omgrep som projisering, flippar ho den psykoanalytiske grunnlagsforteljinga om den hysteriske kvinna som desperat vil vera sindig mann. Solanas slår fast: «Kvinner, med andre ord, har ikkje penissjalusi; menn har fittesjalusi.»29

Det siste manifestet me skal sjå på er cybertwee manifesto skrive av Gabriella Hileman, Violet Forest og May Waver i 2014. Blant dei korte biografiane bakarst i boka er dei lista under namnet cybertwee, eit amerikansk kunstkollektiv som utforskar feminitetar i møte med kjensler og teknologi.30 Dette manifestet kan me lesa i fargar på glansa side, det er nemleg eit av dei som er skanna. cybertwee manifesto er på ei A4-side snudd på sida. Det har blitt skrive på ein skrivemaskin med rosa blekk, noko me kan merka både på skrifttypen og dei mange xxxxx som er trykka inn for å dekka over skrivefeil. Setningane er delte opp, og forma minner om eit dikt. Sida er pynta med klistremerker; rosa hjerter, sommarfuglar, humler, blomster, appelsinar og ei marihøne omkransar manifestet. Arket er klistra på noko som ser ut som aluminiumsfolie, og dette gir manifestet ei glansa ramme som reflekterer deg og rommet.31 Sjølve teksten er kort, ei knapp transkribert side, og han byrjar sånn:

singulariteten er kjær
altfor lenge har me gitt etter for den bitre kanten av xxxxxxx
ideen om at makt er tapt i det kjærlege og kjenslevare32

Vidare hevdar dei at verken det romantiske, det feminine eller det søte er svakt. «me er fragmenterte og multifasetterte bbs.»33 Å mangla emosjonar blir ofte løfta fram som eit gode når det kjem til å vera suksessfull og effektiv, medan sentimentalitet, empati og å vera for mjuk blir rekna som svakheiter. Dei nostalgiske og übersøte klistremerkene understreker bodskapen deira. Dei skriv ikkje eit manifest som lover ranke krigarar og rasande kamper. Dei bruker ikkje store bokstavar eller teiknsetting. Dei leverer ikkje ein tilsynelatande objektiv og tom side, men ei som glitrar i rosa og gult. Dei krev å bli tatt på alvor, men utan å tilpassa seg det rådande maktspråket. Gjennom å gjera dette opnar dei for fleire måtar å vera krevjande og bestemt i verda, og det skaper ein rikare og meir inkluderande måte å forstå kva det vil seia å vera sterk.

Dette sukkersøte, men sinte, uttrykket hadde vore uaktuelt for ein aktør som Truth. Ho bretter opp ermene og må i hennar situasjon bevisa at ho nettopp er «like sterk som kva for ein som helst mann», i ordet «sterk» sin tradisjonelle forstand. Då er det kanskje fleire linjer mellom cybertwee manifesto og SCUM, kor enn merkeleg det høyrest ut. Som hos Solanas blir dei empatiske trekka ved mennesket snudd frå utbreidde teikn på svakheit til symbol på styrke, og det typiske og einfaldige bildet av kvinna blir eit multifasettert mylder. Noko av forskjellen mellom dei to manifesta er likevel at cybertwee løfter fram og omfamnar sårbarheita. Solanas latterleggjer det å vera trist, nedfor og ute av stand til å gjera noko med livssituasjonen sin; ho vil ha dei sterke kvinnene som ler medan dei sprenger banken, medan mennene som sutrar framfor spegelen er noko av det mest patetiske ho kan tenka seg. Menn er for mjuke, sensitive og tiltakslause. Kvinnene er objektive, energiske og modige. Likevel er kanskje noko av grunnen til at deppande menn ikkje er rekna blant dei som fortener Solanas sin medkjensle, nettopp det at dei ikkje er kjenslevare. Eller, jo, dei er utruleg vare på eigne kjensler. Men ikkje andres. Og det er nettopp denne mangelen på empati, mjukheit, som gjer at dei spinner rundt sin eigen navle og manglar evna til å bli fullverdige menneske. I SCUM er det grunnleggande sett evna til å leva seg inn i andre menneske som avgjer om du er menneske, ikkje kjønnsorgan eller genar.

Det er så utruleg mykje meir ein kan seia om kvart einaste av desse tre manifesta. Og dei 74 andre som er med i Burn it down!, men som ikkje har blitt nemnde med eit ord. Men nå nærmar me oss enden av teksten, og status skal gjerast opp.

Dette er ikkje ei perfekt samling. Fahs sitt val om å sløyfa historisk kontekst og heller kasta lesaren ut i teksten på eigenhand, kan, som ved Eg er like sterk som kva for ein som helst mann, føra til ei fattigare lesing. Moglegvis kan ein bli nysgjerrig og byrja å leita etter meir informasjon på eigenhand etter på ha lese manifesta, men noko historisk kontekst kan faktisk hjelpa ein langt på veg mot den emosjonelle responsen boka ynsker seg. Eg er ikkje einig med Fahs, når ho hevdar at ein kjem nærare teksten om det er mindre tekst mellom; å lesa om korleis Truth sitt trygge rom blei brote opp av haukande menn gjorde tvert imot at ho var såkalla nærare enn nokon gong. Å ha eit ideal om ein «nærare lesing» om ein droppar linjene om konteksten, er naivt; manifesta er nøye samla i ei bok, sortert ut frå tema og det heile med ein tydeleg agenda. Eg er fjernt frå ein slags autentisk tekst og lesaroppleving, om den nokon gong har eksistert, då. Og det er heilt ok!

Og den perfekte samlinga, finnes den? Eg tviler. Og Burn it down! treng heller ikkje vera perfekt for å vera leseverdig, og leseverdig er ho så absolutt. Ho gir eit spennande innblikk i ein skrifttradisjon få har høyrt om og endå færre veit noko særleg om. Manifesta er på same tid fulle av levde liv og sprellevande, noko som gjer boka til ein eineståande lesaroppleving. Om ein blir fysen på meir kor, kva og kven, er det jo berre å lesa seg vidare ein annan stad. Teften fann du jo uansett i Burn it down!, noko ho fortener all kred for.

Og at boka har ein agenda, kva så? Objektivitet er ein løgn, det veit me jo. Og er du einig i nokre av påstandane til forlaget og Fahs om verdssituasjonen, kan sikkert det gjera lesaropplevinga inspirerande. Men om du riv deg i håret av frustrasjon berre du les ord som «mannsjåvinisme» og «kapitalismehelvete», vil eg anbefala denne boka spesielt til deg. Ikkje fordi ho kjem til å gjera deg til ein litt enklare samarbeidspartnar når revolusjonen kjem, men fordi ho inviterer til møte med menneske som tenker temmeleg annleis enn deg.



Godkjent artikkel før siste korrektur. Mindre avvik fra trykt artikkel kan forekomme.

Fotnoter og litteratur

1 Fahs, Breanne. «Introduction. The Bleeding Edge: On the Necessity of Feminist Manifestos» s. 1–21 i: Fahs, Breanne (red.) 2020. s. 14.

2 Traister, Rebecca. Good and Mad: The Revolutionary Power of Women’s Anger. New York: Simon & Schuster Paperbacks, 2018. s. 247 Digresjon: Sat og las denne i ein park i sommar, då ein eldre mann kom bort og lurte på kva bok eg var så opptatt av. Då han såg framsida, utbraut han «My goodness!» før han gjekk kjapt vidare. Om ein vil vera eremitt i folkerik park, kan ho anbefalast.

3 Fahs, «Introduction» s. 3.

4 Fahs, «Introduction» s. 21.

5 Fahs, «Introduction» s. 3.

6 Fahs, «Introduction» s. 4.

7 Fahs, «Introduction» s. 17–18.

8 Fahs, «Introduction» s. 4.

9 Fahs, «Introduction» s. 4–6 og 14.

10 Fahs, «Introduction» s. 5.

11 Fahs, «Introduction» s. 18.

12 Fahs, «Introduction» s. 13.

13 Fahs, «Introduction» s. 19.

14 Fahs, «Introduction» s. 19–20.

15 Fahs, «Introduction» s. 18–20.

16 Fahs, «Introduction» s. 15.

17 At Fahs reknar ei tale som eit manifest, viser noko av fleksibiliteten definisjonen hennar av manifestet tillater. Ho medgir sjølv at ikkje alle manifesta som er med i samlinga er manifest i ordets strengaste og meir tradisjonelle forstand. Fahs, «Introduction» s. 18.

18 Truth, Sojourner. «I Am as Strong as Any Man» s. 205–206 i: Fahs, Breanne (red.) 2020. s. 205.

19 Truth, «I Am as Strong as Any Man» s. 206.

20 Fahs, Breanne. «About the Contributors» s. 492–510 i: Fahs, Breanne (red.) 2020. s. 508.

21 Davis, Angela Y. Women, Race and Class. London: Penguin Books, 2019. s. 53.

22 Davis, Women, Race and Class. s. 54.

23 Fahs, Breanne. «Introduction to Angry/Violent» s. 203–204 i: Fahs, Breanne (red.) 2020. s. 203.

24 Fahs, «About the Contributors» s. 507.

25 Solanas, Valerie. «SCUM Manifesto» s. 217–245 i: Fahs, Breanne (red.) 2020. s. 217.

26 Solanas, «SCUM Manifesto» s. 217.

27 Solanas, «SCUM Manifesto» s. 217–218.

28 Solanas, «SCUM Manifesto» s. 218–219.

29 Solanas, «SCUM Manifesto» s. 219.

30 Fahs, «About the Contributors» s. 495.

31 Bilde av manifestet finn ein på side 260. Sjølve manifestet, men då transkribert, finn ein her: Hileman, Gabriella, Violet Forest og May Waver «cybertwee manifesto» s. 297 i: Fahs, Breanne (red.) 2020.

32 Hileman, Forest og Waver, «cybertwee manifesto» s. 297.

33 Bbs er babies.

Litteratur

Davis, Angela Y. Women, Race and Class. London: Penguin Books, 2019. Fyrst publisert i 1981.

Fahs, Breanne. «About the Contributors» s. 492–510 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Fahs, Breanne. «Introduction. The Bleeding Edge: On the Necessity of Feminist Manifestos» s. 1–21 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Fahs, Breanne. «Introduction to Angry/Violent» s. 203–204 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Hileman, Gabriella, Violet Forest og May Waver «cybertwee manifesto» s. 297 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Solanas, Valerie. «SCUM Manifesto» s. 217–245 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Traister, Rebecca. Good and Mad: The Revolutionary Power of Women’s Anger. New York: Simon & Schuster Paperbacks, 2018.

Truth, Sojourner. «I Am as Strong as Any Man» s. 205–206 i: Fahs, Breanne (red.). Burn it down! Feminist Manifestos for the Revolution. London: Verso Books, 2020.

Woolf, Virginia. A Room of One’s Own. London: Penguin Books, 2000. Fyrst publisert i 1929.

Denne artikkelen sto på trykk i Arr 4/2020
Følelser
Les også:
Det gåtefulle folket

Bokmelding av
Die Anthroposophie: Rudolf Steiners Ideen zwischen Esoterik, Weleda, Demeter und Waldorfpädagogik