Arr søker tekstar til temanummer om klede

Foto: Tyne & Wear Archives and Museums/Flickr commons

Arr søker tekstar til temanummer om klede

13. oktober 2019

Klede er heilt nødvendige for at menneskeapa utan pels skal kunne klara seg. Under steikande sol sørpå dekker ein seg inn i lette plagg for å halde varmen ute, medan me her i nord pakkar oss inn i ull og ymse fleeceprodukt for å halda varmen inne så godt me kan. Klede er noko dei aller, aller fleste menneske på jorda dreg på seg kvar dag. Mange legg ned mykje arbeid, tid og tankar i kva klede dei vel å ta på seg; sjølvsagt tenker ein på den meist grunnleggande grunnen til at ein driv på med desse kleda, å komma seg bekvem gjennom dagen i eit tidvis hardt og for nakne menneskekroppar ubehageleg klima, men det er mange andre spørsmål som òg kverner rundt i hovudet til det påkleande mennesket; spørsmål knytt til sakar som kva for nokre klede som er in no, kven ein vil framstå som overfor andre i dag og kor mykje skade kjemikaliane i kleda har påført arbeidarane som har laga dei.

Kvar sesong blir dokkene i butikkvindauga kledd opp i nye klede, og å ikkje følga desse skifta kan gjera ein håplaust avleggs. Eller kul (det er jo kult å ikkje bry seg for mykje om nokon ting). Eller flink (å skapa klede er utruleg forureinande og det er flinkt å ikkje skifta ut garderobar). Eller heilt utanfor (om ein kler seg på tvers av normer eller vel å ikkje kle på seg i det heile kjem sanksjonane og tar deg).

I møte med andre er kleda ein gylden moglegheit til å fortelja noko om kven du djupast sett er. Eller å ikkje fortelja noko om kven du djupast sett er. Men som jo òg fortel noko om kven du er. Dine medmenneske og du koder kleda dine, og om du skjønner desse kodene kan livet ditt bli mykje lettare. Nokre nettaviser forsøker å knekka desse kodene for deg: «Kle deg attraktivt!», «Kle deg med samvittighet» og «Hvordan kle deg riktig?». Klede har ei mystisk kraft som kan påverka livet ditt. Og å forstå, temma og bruka denne krafta som bur i kleda kan gjera livet ditt betre.

I dette nummeret av Arr ønsker me å sjå nærare på desse allmennmenneskelege kleda i seg sjølve og i relasjon til menneska som dreg dei på seg; kva for ein rolle spel klede inn i skapinga av identitet? Blir klede skapt og brukt på ein annan måte no enn tidlegare, og kan dette seia noko om korleis me verkar i verda? Nokre klede blir slått ned på gjennom formelle og uformelle normer; kva seier desse reguleringane om både storsamfunnet og dei som bryt med kledekodane? Kan ein bruka klede som eit retorisk verktøy for å oppnå det ein vil? Dette er berre nokre av spørsmåla som trenger seg på om me kikkar nærare på plagga me tuller oss inn i.

Forslag til artiklar (utkast eller samandrag) sendast til redaksjonen@arrvev.no innan 13. desember 2019.