Feriepress

Vinter ved Hornsjø (1961). Foto: Brun, Jac / Nasjonalbiblioteket

Feriepress

Hytteferie som eit arbeid for å passe inn

Av Anita Nordeide

Juni 2025

Hytteferie kan forståast som eit arbeid for å passe inn.

Ein varm og solrik midtsumardag møter eg Ida og mannen hennar Magnus på hytta deira. Hytta ligg ved ein innsjø utanfor Halden. Medan vi sit på stråstolar på verandaen, kjem samtalen raskt inn på hyttelivet. Ikkje dette hyttelivet, men eit hytteliv med snø og kuldegradar i påskefjellet. For det er familiehytta, Olasbu på fjellet i Valdres Ida vil fortelje meg om. Detaljert skildrar ho påskefeiring på denne hytta i barndomen. No er det syster hennar Mona, som har overteke hytta. Sist påske hadde ho leigd den ut på Airbnb, slik at Ida og Magnus måtte finne på noko nytt. Påska vart feira på Danskebåten, men «det var heilt forferdeleg» fortel ho meg, «det skal aldri skje igjen». Kvar påske framover skal ho vere på Olasbu.[1]

Teksten ovanfor er utdrag frå feltnotatar knytt til mi doktorgradsavhandling i sosialantropologi, «Hytta. Ein etnografi om slekting i Noreg». Avhandlinga omhandlar måtar familie og slekt skapast på norske hytter.[2] Gjennom halvanna år mellom 2017 og 2018 gjorde eg feltarbeid på aust- og vestlandet, med deltakande observasjon, samtaler og intervju med personar som eigde eller høyrde til hyttene. Til saman vitja eg om lag 40 ulike hytter.[3] Mellom anna deltok eg på molteturar, fisketurar, i skibakken, i badstue, på familiemiddagar, dugnadar, og nyårsfeiring. Nokre var eg med berre ein gong, medan fleire fylgde eg gjennom store deler av feltarbeidsperioden.

Forskinga mi syner korleis hytteferiar kan erfarast som eit strev og eit press. Mange av mine informantar kjende ei trong til å skaffe seg hytte, og samstundes lære sine born og barnebarn å gå på ski. I mitt materiale kom dette særleg til syne i samband med påska. Påskeferien var for mange nærast eit ritual, som både identitetsskapande for dei sjølve, og konstituerande for slekta. I ferien skulle spesifikke hendingar gjerast til særskilde tider, som ritualiserte rørsler innlærde frå barnsbein av. Samstundes som nye hytteeigarar, som ikkje tidlegare var vane med snø og ski, skapa liknande påskeritual for seg, sine barn og barnebarn. Denne måten å feire påske på, med hytte, snø og ski, sto slik sterkt i materialet som eg har undersøkt. Samstundes er denne type påskefeiring også svært synleg i den nasjonale mediedekninga av påske i Noreg.

Fleire informantar i mitt materiale knyt hytteferie og skigåing til noko «typisk norsk». Arbeidet og strevet for eit hytteliv kan dimed forståast i ein større kontekst. Dette kan omhandle det ein i antropologisk forsking kallar ein «førestilt likskap», som eg vil gå i djupna på seinare i teksten. I dette tilfellet vil ein «førestilt likskap» vere eit inntrykk av at «alle i Noreg har hytte, og kan gå på ski», og at å delta i desse praksisane gjer folk meir «norske». Hytteferie med snø og skigåing, vert slik eit uttrykk både for ein førestilt likskap og ein førestilt norskdom. Denne artikkelen bygg på materiale frå doktorgradsprosjektet mitt, men her nyttar eg det spesifikt til å syne korleis hytteferie kan forståast som eit arbeid for å passe inn. Hytteferie kan dimed forståast som det eg kallar eit «likskapsfokusert feriefellesskap».

Ei førestilling om likskap

Den finske historikaren Henrik Stenius har forska på Norden som eit egalitetsfokusert fellesskap. Han har utforska aspekt som kan forklare førestillinga om at borgarar av det nordiske samfunnet er relativt like. For det fyrste vektla han den protestantiske etikk som var felles i Norden. I Norden var staten og kyrkja éin, noko som førde til at ingen andre konkurrerte om politisk suverenitet, slik det var vanleg i andre europeiske nasjonar.[4] Det gjorde også til at det var mindre gnissingar, og mindre hierarkisk enn i desse landa.[5] Vidare hevda han at dei nordiske landa var det han kalla «ein-norm-samfunn», gjennom ein tanke om at det gode liv er eit liv prega av konformitet. I Norden var det mange småsamfunn der menneske måtte hjelpe kvarandre, alle skulle bidra og arbeide. Samstundes skulle ein heller ikkje setje seg over noko andre (jamfør jantelova), men framstå relativt lik.[6]

I nordisk antropologi kan likeverd forståast som det antropologar kallar eit «portvaktsomgrep». Eit «portvaktsomgrep» omhandlar kva som har vorte tematisert i tidlegare studiar i regionen og kan leggje føringar for nye analyser.[7] Allereie på 1950-talet gjorde den britisk-australske antropologen John Barnes feltarbeid i eit fiskerisamfunn på Bremnes i Bømlo. Han undersøkja måtar likeverd og hierarki utspela seg i menneskelege relasjonar innanfor spesifikke sosiale domene, som til dømes i lokalpolitikken, i arbeidslivet og mellom slekt og vener. Han foreslo at sosialitet i Noreg var karakterisert av ein sterk likeverdig ideologi og åtferd, sjølv om sosial ulikskap var tydeleg.[8] Den norske antropologen Marianne Gullestad vidareutvikla Barnes sine analyser om egalitet. Egalitarisme er ideologiar i euro-amerikansk tankegods, men det kjem til uttrykk forskjellig i ulike land. Nokre stadar kan ein til dømes verte forstått som likeverdig gjennom sin ulikskap. Gullestad var oppteken av egalitet som ein generell kulturell verdi som eksisterer i Norden. Ho hevda det eksisterer ein særskild type likskapsorientert egalitet, og skildra dette gjennom det analytiske uttrykket «likeverd som likskap» (equality as sameness).[9] I denne logikken er det naudsynt å oppleve likskap for å anerkjenne kvarandre som likeverdige. Menneske vert dimed opptekne av å passe saman, eller vere av «same slag». Det kan kome til syne i materielle uttrykk som klede, gjenstandar og interiør, men også i samvær. Sosial samhandling vert slik prega av det ein har felles, medan forskjellar vert tona ned. Desse handlingane fører til mekanismar som fører til ei oppleving av menneske og samfunnet ikring seg som likare enn det faktisk er, noko Gullestad kalla «førestilt likskap» (imagined sameness).[10] Dette gjeld både i kvardagsleg samhandling, men også i det større norske samfunnet, ved at vektlegginga av det like vert framheva, medan ulikskapar vert skoddegjort. Antropologen Halvar Vike peikar på at desse mekanismane kan forklare mytedanninga om kor like folk faktisk er i Noreg, noko som verkar å vere eit karakteristisk trekk ved nasjonal sjølvforståing.[11]

I artikkelen «Conditional Belonging: Middle-Class Ethnic Minorities in Norway» undersøkjer antropologen Monica Five Aarset måtar norsk egalitet spelar seg ut i ein gjeven kontekst. Informantane hennar er sokalla andregenerasjonsinnvandrarar frå Pakistan, dei er høgt utdanna, har jobbar som er rekna som middelklasse og bur i eit velståande nabolag i Oslo. I artikkelen møter vi mellom anna ekteparet Kubra og Karim. Gjennom deira etniske og religiøse bakgrunn skil dei seg frå dei andre i dette majoritetsdominerte nabolaget. Ekteparet fortel om eit krevjande arbeid for «å passe inn». Dei skildrar tilleggsarbeidet dei må gjere for at dei skal kjenne tilhøyrsle til, verte anerkjent og oppfattast som «like norske» som deira naboar. Dette kjem fram gjennom konkrete døme som å vere ein ekstra god nabo, ikkje ete mat som gjer at dei «luktar» annleis eller at dei må hugse på å klippa plenen til visse tider. For å både kjenne seg som og verte aksepterte som likeverdige nordmenn må dei tone ned skilnadane, som krydra mat og ein uflidd hage, og snarare vere og ha det så likt naboane deira som mogleg. Aarset synleggjer slik korleis den likskapsorienterte egaliteten kan fungere i eit daglegliv. Ho skriv «ein kan seie at norsk egalitet bidreg til å mogeleggjere strukturell integrasjon men på same tid, i nokre kontekstar og på nokre nivå, kan den vere eit hinder for sosial integrasjon.»[12]

Snø og ski i skapinga av ei nasjonal tilhøyrsle

Fleire av informantane i mitt prosjekt vev saman det norske og hytta. Dei førestiller seg hytta, og særleg fjellhytta, som noko «typisk norsk». Susanne, ei kvinne som presenterer seg som tredjegenerasjons hytteeigar på Ustaoset fortel meg at ho vil ta vare på det ho kallar ein norsk hyttekultur. For ho får hytta fram tradisjonar som er knytt til det norske. Ho fortel meg korleis ho held fast på det ho kallar norsk husmannskost opplærd frå hennar bestemor, og at dette særleg vert gjort i tider der ho er på hytta. Det norske kjem for ho til uttrykk gjennom maten ho serverer, frå vaflar til oksetunge, men også i spesifikke gjenstandar, gjennom til dømes eit fargerikt åkle på veggen hennar og bestefaren sin rosemåla stol. Ho fortel meg historia om kor kvart åkle kjem frå i Sogn og kven det er laga av, og at stolen er laga av lokale handverkarar kring Ustaoset. Susanne har nyleg pussa opp hytta si, ho har sortert ut mykje, men medvite behaldt desse gjenstandane.[13] Likeins skildrar antropologane Marianne Lien og Simone Abram korleis mange hyttefolk knyt hytta til nasjonal tilhøyrsle, og at dette kjem til uttrykk mellom anna i nasjonale handverkstradisjonar på hytta.[14] I vinterhytta ligg slik førestillingar av både det rurale livet og det unike norske som kan sporast ved å gå til kulturhistoria.

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var Noreg i ferd med å etablere seg som ein sjølvstendig nasjon. Noreg som ung nasjon trong å finne det unike, det som kunne skilje seg åt andre nasjonar. Samstundes skulle ein finne det samlande fellesnorske for menneske innanfor landegrensa, som er eit viktig aspekt ved nasjonalisme.[15] Dette som skulle skilje og samle var ikkje sjølvsagt, men vart utvald og standardisert av nokre maktpersonar. I Noreg vart det rurale livet prioritert framføre det urbane i nasjonsdanninga. Særleg vart den innlandske bondekulturen framheva, medan andre yrker og landskap, som til dømes fiskarar og kysten vart forstumma.[16] Vektlegginga av denne bondekulturen kom fram gjennom mange ulike uttrykksformer. Til dømes i Hulda Garborg sine innsamlingar og nye konstruksjonar av bunadar frå norske bygder og hennar fokus på eit felles nasjonalt kosthald i kokeboka «Heimestell».[17] I tekstane til Bjørnson og komposisjonane til Grieg, til dømes frå budeia Gjendine sin vuggesong, vert bondekulturen også framheva.[18] Slik kom nasjonsdanninga inn i kvardagen på mange ulike område, i skrift, mat, musikk, kledestil og måleri. I tonar og tekstil vart nasjonalkjensla styrka og gjenteke, både i rituelle hendingar og i kvardagspraksisar, som Michael Billig kallar banal nationalism.[19]

Som synt kom det nasjonalromantiske idealet fram gjennom ulike sansar og kulturuttrykk, men ein vesentleg del av skapinga av den norske identiteten omhandla natur og friluftsliv. Utover nittenhundretalet vart nordmenn som eit «naturelskande» folk framheva.[20] Særleg vart vinterfriluftslivet med snø og ski dyrka, grunna stor merksemd frå dei ulike polarekspedisjonane til Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Nansen høyrde til Lysakerkretsen, ei gruppe kunstnarar og vitskapsmenn som på ulike vis arbeidde for den norske nasjonalitetsrørsla.[21] Han var internasjonalt kjend og vart eit stort førebilete for yngre og eldre nordmenn. Han poengterte tydinga av friluftslivet i talar og skrifter. I ein kvar nasjonal identitet er det som tidlegare påpeika vesentleg å finne noko felles og unikt, men kva det består i varierer. Den norske nasjonale identiteten og tilhøyrsle vart knytt til skisporten.[22] Journalist og forfattar Hans Olav Thyvold skildrar korleis eit nordisk ideal om friluftsliv utvikla seg og skriv: «Skiene, som bare få år tidligere var blitt ansett som en kuriositet, ble nå en sentral del av den norske identiteten, for ikke å si selve symbolet på alt som var norsk- til forskjell fra det svenske».[23]

Ski vart slik vesentleg for å skilje Noreg frå andre nasjonar. Den nye kongefamilien innvandra frå Danmark og England, og for deira popularitet måtte dei framstillast som norske. Ski kunne dimed fungere som eit synleg symbol og prov på tilknytinga til nasjonen. Fridtjof Nansen vart ein nær ven av Kong Haakon, og lærde han og kongefamilien å gå på ski. Med ski på beina vart dei innlemma i den norske nasjonalidentiteten på tidleg 1900-talet.[24] Framleis er kongefamilien opptekne av å presentere seg sjølve som friluftsinteresserte. Kongeparet vert stadig fotografert med termos utanfor hyttene sine og dronning Sonja er æresmedlem av Den Norske Turistforeininga. Samstundes nyttar kronprinsfamilien sosiale medium og publiserer bilete på Instagram og YouTube-filmar av familien som går på topptur.[25] Slik presenterer dei seg sjølve som ei førestilling av det alminnelege, i kontrast til korleis det britiske kongehuset vert presentert som ein elite.[26]

Førestillinga om ein unik og samla nasjon vert ikkje berre danna, men kontinuerleg reprodusert.[27] Slik synleggjer ein ikkje berre korleis friluftsliv kom inn som ein stabil form for å skape den nye nasjonen, men denne førestillinga som knyt vinterfriluftslivet til norsk identitet vert skapa på ny og på ny. I artikkelen «The Norwegian Trekking Association: Trekking as Constituting the Nation» tek antropologane Simone Abram og Gro Ween utgangspunkt i organisasjonen Den Norske Turistforeining for å tydeleggjere denne prosessen. Dei syner korleis det i Noreg utvikla seg ein nasjonalisert natur, og nokre spesifikke naturpraksisar til eksklusjon frå andre moglege natur(ar) og naturpraksisar. Gjennom nokre landskap og praksisar vert norsk identitet og nasjonalkjensle kontinuerleg utøvd. Dette kallar dei norsk natur-nasjonalisme. Praksisane som fjell- og skiturar på T-merka stiar og løyper fekk ein dominant posisjon i kontrast til andre rurale aktivitetar.[28] Gjennom å utøva desse aktivitetane kjem ein bestemt norsk identitet til syne, med visse kompetansar og ferdigheiter. Dette er førestillinga om at ein nordmann skal kunne overleve i barske forhold, som ei vidareføring av den mytologiske statusen kring polareventyrarar.[29]

Ween og Abram skildrar korleis det eksisterer ei førestilling om naturen som ein arena der nordmenn vert forstått som likeverdige uansett bakgrunn, gjennom den norske diskursen om at «alle er like i naturen».[30] Dette har samanheng med den norske egalitetstanken, og eit fokus på at menneske i Noreg er like kvarandre og at likeverd vert forstått som likskap, som Gullestad poengterer.[31] Sjølv om denne ideologien er rådande innanfor organisasjonen syner antropologane at DNT har hatt ein type turistsyn på naturen og aktivitetar som i hovudsak har vorte praktisert av den urbane middelklassen, lært opp gjennom sundagsturar med kart og kompass.[32] I kontrast har til dømes bønder og småbrukarar vore tett knytt til lokale naturpraksisar, som fjellturar for å sjå etter at ikkje sauer vert tekne av rovdyr, eller for å sanke sauer heim frå fjellet. Landskapet har då ikkje vorte utforska gjennom kart og kompass, men snarare gjennom opplæring frå tidlegare generasjonar, gjennom lokale namn på bakketoppar, stiar, og bestemde kvilesteinar.

Ved å dukke ned i kulturhistoria forstår vi at ski og vinterfriluftsliv ikkje alltid har vore avgjerande for den norske nasjonalidentiteten, snarare at det vart skapa i ei bestemt tid, av nokre vesentlege personar, og konkrete organisasjonar. I tillegg kastar det lys over at kva som er forstått som norsk ikkje er stabilt, men at nokre menneske og nokre organisasjonar kontinuerleg reproduserer denne førestillinga. Det kulturhistoriske bakteppet er nyttig for å forstå analysen av materialet sidan det set den antropologiske forskinga, i samtida, inn i ein historisk kontekst. Konteksten er vesentleg for å forstå korleis informantar koplar visse gjenstandar, aktivitetar og stadar, og dimed også fritid og ferie til norskdom. Likeins med ski er også hytta forstått som ein markør for kva som er «typisk norsk», noko som vil verte skildra i det fylgjande.

Den kulturhistoriske hytta

Hytter i Noreg har bakgrunn frå ulike bygnadar, epokar og påverknadar. For det fyrste kan vi spore hytter attende til bygnadar som vart nytta som arbeidsplassar for mellom andre fiskarar, bønder og skogsarbeidarar. Som etnolog Arne Lie Christensen skriv, finn vi dette att i setrer, stølar, fiskebuer og koier.[33] Desse bygnadane og menneska som arbeidde her passa godt inn i det nasjonalromantiske idealet, og vart også framstilt i måleri og historier. Særleg er det setrer og stølar med budeier som vert synleggjort. For det andre har hytter også utspring i internasjonale strøymingar. Borgarskapet og eliten i Noreg vart påverka av mellom anna den britiske eliten som vitja Noreg for å klatre i fjellet, vandre og fiske. Velståande nordmenn bygde seg «landsted», løkker og villaer i landlege område.[34]

Politiske og samfunnsmessige endringar gjorde hytter tilgjengelege for fleire utover på 1900-talet. Arbeidarar fekk meir fritid og ferie med endring til åttetimars arbeidsdag, og ferielova (1947) med lovpålagt tre vekers ferieavvikling. Vidare vann Arbeiderpartiet fram i etterkrigstida. Politisk vart det eit sosialdemokratisk mål om å utviska klasseskilnadar. Dei tidlegare borgarlege ideala med friluftsliv vart mål og ideal for fleire. Fagrørsler og fabrikkeigarar bygde hytter for sine arbeidarar, og fleire fekk tilgang til hytter gjennom kollektive hyttefellesskap. Etterkvart vart også bilrasjonering oppheva, noko som gjorde fjellandskapet enklare tilgjengeleg for fleire. Utover 1970-talet vart det ein stor auke i hytteutbygging av privathytter også blant arbeidarklassen.

Hytter vart nytta og forstått som eit symbol på det egalitære Noreg. Til 60-årsdagen sin, i 1957, fekk tidlegare statsministar Einar Gerhardsen ei fjellhytte i gåve frå fagrørsla og Arbeiderpartiet.[35] Den nøkterne hytta fungerte som eit symbol for sosialdemokratiet, om ein var ein vanleg arbeider eller ein høgtståande politikar var ein lik og då likeverdige på hytta og i naturen.[36] Framleis er hytte og vinterfriluftsliv synlege hjå politikarar i fritid og ferie. Noverande statsminister Jonas Gahr Støre vert ofte intervjua og fotografert på hytta si i ferietida. Nyleg vart finansministerposisjonen til Jens Stoltenberg avgjort medan Jonas Gahr Støre gjekk ein skitur i Nordmarka. I eit intervju til NRK etterpå vart skituren poengtert og vektlagd; «På skitur på lørdagen falt brikkene på plass. Støre tok dermed turen innom Stoltenberg på vei hjem fra marka».[37] Gjennom å verte framstilt og framstille seg sjølve som skifolk vert (makt)skilnadar tona ned, medan det som er felles vert framheva. I skigåinga ligg dimed ei førestilling av eit fellesskap, som knyt folk saman i nasjonen. Den nasjonale mediedekninga av at maktpersonar meistrar ski og hytteliv, vidarefører mytologiseringa av ein norsk identitet.

Like fullt, ideen om at hytter er eit særleg nasjonalt fenomen eksisterer ikkje berre i Noreg. I Sverige vert hytter også sett på som eit symbol og representasjon av svensk nasjonal identitet og den svenske nasjonen, likeins er den russiske datcha knyt til russisk identitet.[38] Nokre særtrekk som er førestilt som typisk norske er også tenkt på som karakteristiske for andre nasjonar.[39]

Hytteliv som utøving av norskdom

For mange i mitt materiale var påskeferien eit ritual, som både var identitetsskapande for dei sjølve, og også konstituerande for slekta. Her skulle spesifikke hendingar gjerast til bestemte tider, som ritualiserte rørsler som er innlærde frå ein var barn. Ved å gå attende til mine feltnotatar ser vi korleis dette kjem til syne i hytta Olasbu som Ida tidlegare fortalde om.

Seinare same sumar vitjar eg Olasbu, med Hans, far til Ida. Ei hytte som bestefar hans, Ola kjøpte i 1930, men som var bygd i 1920.[40] Hans er ein 80 år gamal mann med raud smårutete skjorte. Han syner meg kringom i hytta. Vi går ut i ein slags vinterhage, med store vindauge. Ulike kapsar heng på spikrar på veggen. På ei hylle øvst står mange små pokalar. Det er alle gongane dei har delteke og fått pokal for påskerennet. For påskerennet er stort, det er alvorleg, fortel han. Han og systera var alltid med når dei var små, hans born og barnebarn òg, men så byrja dei å tappe interessa. Så fann dei ut at dei skulle lage noko for hyttene kringom her. Eit «Hytterenn» som skulle vere leik og ikkje alvorleg. Kvart år har dei teke «påskebilete» av deltakarane. Han tek ned bilete, viser det eine etter det andre frå kvar påske, og heng det opp att på spikaren.[41]

Olasbu er ei fjellhytte bygd i 1920. Ei relativt lita hytte, som tidlegare låg avsides til i eit vêrhardt fjellområde. Hytta samsvarar med mange av mine informantar sin tanke om den idealtypiske hytta, ei «hyttehytte», som mange av mine informantar kallar det. Eit ideal om ei hytte langt vekk frå andre, isolert på fjellet. Der ein også kan utøve kompetansar og ferdigheiter som vert rekna som del av ein norsk identitet, gjennom å øve seg på skigåing, og meistre ver, vind og naturkrefter.[42] Vedfyring og det å hente vatn, er òg kompetansar som må lærast og gjerast på ei slik type hytte. Ferdigheitar som framleis held i hevd ein norsk mytologisk skikkelse lik Nansen.

Hyttelivet i Noreg har endra seg frå desse småe, isolerte hyttene til store hyttefelt, med leilegheiter. Like fullt, idealet om hytta ber folk med seg. Nokre omfamnar det, andre tek avstand frå akkurat den hytta og desse naturpraksisane. I denne forteljinga er det også ein idé om at hytteliv er familieliv, sjølv om nokre deler eller dreg på hytteturar med vener. Mest sannsynleg kallar likevel dei som «høyrer til» hytta seg for familie eller slekt. Slik er hytta knyt til spesifikke familiar, og fungerer også som å «konstituere», og materialisere familielivet, som eg argumenterer for i mi avhandling.[43]

Samstundes som det er ei tydeleg tilhøyrsle til familie gjennom hytta, så er det også tilhøyrsle til nasjon, som eg tidlegare har synleggjort. Tilhøyrsle til nasjon vert mellom anna symbolisert gjennom norske flagg og vimplar på flaggstenger utanfor hytta, og bilete av kongelege på hytteveggar. Samstundes kjem det nasjonale fram gjennom mange sansar. Gjennom lukt og smak i mat, som Susanne snakkar om. I eldre handverkstradisjonar, som åkle og rosemåling. Eller gjennom naglebit på skiturar. Slik knyt det nasjonale seg inn i det heilt nære, til kvardags og ferielivet, med familielivet.[44] Påsketida som ei rituell hending har ein familiær og nasjonal tilhøyrsle samstundes. Ein kan seie at påsketida på hytta vert imagined communities, førestilte fellesskap, som Benedict Anderson nyttar for å forklare nasjonalisme som fenomen.[45] Kvar individuelle familie feirar påskehøgtida åtskilt, med vit om at mange andre familiar i Noreg gjer dette samstundes.

Som synt kan det liggje ei oppfatning om at ein skal ha hytte, og ein skal kunne gå på ski. Moglegvis kan det handle om verdiar for korleis ein skal vere ein familie i Noreg. I mitt arbeid kallar eg dette ein «detaljstyrt sosialisering», der verforeldre styrer korleis kjærastar vert slekta inn i ein familie på hytta, gjennom konkrete gjeremål som oppvask, skigåing eller vedfyring.[46] Men kva om vi lyfter denne sosialiseringa inn i lokalsamfunn og nabolag? Kan vi forstå det som at visse stadar har ei «detaljstyrt sosialisering» for kva ein skal eige, og kva ferdigheiter ein skal inneha for å kjenne tilhøyrsle?

Å passe inn på bygda og i hagebyen

Ei påske vitjar eg Nina, som eg kallar ho, ei bestemor som nyleg har kjøpt seg hytte i Myrkdalen. I desse feltnotatane er ho saman med barnebarnet sitt Sanna, på tre år, for fyrste gong på påskeskirenn:

Eg fylgjer folka. Etterkvart ser eg stadionet, som minner meg om eit lite bygdehus. I snøbakkane ved sidan av sit folk i klynger. Fleire har spadd ut ein benk av snø, og sit tett i tett, rundt eit bål. Ved huset ser eg at det står, «START» med store bokstavar, og ein stad som står «MÅL». Nina kjem mot meg, og gjer meg ein rask klem. Namn vert ropt opp på høgtalaren, for å gjere seg klare til start. Alle reiser seg på likt. Tek på seg smale ski. Nina tek tak i barnebarnet, Sanna på tre år, med små solbriller. Deltakarane får eitt tøystoff. For barna vert det som ein kjole, men for dei vaksne er det som ein magetopp utanpå kleda. Nina held Sanna mellom beina sine. På rekka bak står neste pulje allereie oppstilt. Sola dannar lange blå skuggar av alle som står her, med ski og stavar. Folk ropar og skrik. Ryggane deira bøyer seg, og dei skøyter framover på ski.
Over ein bakketopp er det tillaga ei skytebane. Lange svarte liggeunderlag er rulla ut på snøen. Blinkane er langt der framme. Svarte sirklar på kvitt papir, hengd fast i trestokkar. Over dei tal. Menn i oransje varmekjeladresser sit ved sidan av kvart gevær. Geværa er brunlakkerte og glinsande. Nina kjem springande med Sanna mellom beina, og dei små skia svingande til alle kantar. No er ho ved skytebana. Sanna får leggje seg tett inntil ein gut som er litt større. Guten kan sikte, han legg seg ned og ser inn i siktet. Medan Sanna kan halde inn, for å skyte. Folk ikring smiler, for ho er så lita. Då dei er ferdige med å skyte skal skia på att. Bestemora balanserer ho for å få skiskoa til å treffe bindingen. Til sist gjer dei det, og eg ser Sanna går på ski nedover siste bakken, og inn over målstreken.[47]

Då eg møter Nina er ho ei trebarns åleinemor på litt over femti år. Ungane hennar er i tjueåra, og ho har barnebarn. Nina er nyleg eigar av ei leilegheit i eit leilegheitskompleks i Myrkdalen, eit nybygd alpinområde. Leilegheita vert brukt av ho, hennar tre barn og barnebarn. Den er kjøpt med avtale om at den kan leigast ut til andre, og Nina har eit mål om at dei i framtida berre skal eige den sjølve, slik at dei kan ha meir av deira private gjenstandar der. Nina kjem frå Orvik. Ein stad langs kysten der det ikkje er mykje snø. Tidlegare har ho, hennar familie, og andre menneske frå Orvik ikkje teke del i denne typen påskeferie. Men no er det slik at «alle» frå Orvik har ei hytte i Myrkdalen. Nina fortel meg om korleis ho gjekk fram for å skaffe seg ei hytte her. Alle syskena, naboane og vennane hadde fått seg hytte i Myrkdalen. Men ho hadde det ikkje. Ho reiste mykje på vitjing til systera si hytte, men det var ikkje det same. Ho ynskte seg ei hytte til seg sjølv, ungane og barnebarna. Ein stad der dei kunne lære seg å gå og stå på ski. Ho har jobba lange kveldar og helger for å få nok pengar til å kjøpe. Eg vitja ho i hennar leilegheit i Myrkdalen, då haldt ho hardt med handflata over brystet sitt, for å vise kor mykje angst ho hadde for å ha teke opp eit stort lån. Medan ho sit og fyller i samtykkeskjema for å delta i forskinga mi, med systera Janne ved sidan av ho, så fortel ho til oss begge:

«I fjor tenkte eg. Nei, Nina, no må du bestemme deg. Enten så kjøper du ei hytte, eller så legg du skia på hylla, men ikkje leige eller reise på besøk meir. Eg følte meg som ei belastning, eg trur ikkje det var slik for dykk?», ho ser på systera som ristar roleg på hovudet. «Men det var slik eg kjente det. Eg tenkte at no er eg 52, når skal du bli vaksen?».[48]

Marianne Gullestad skriv at det i Noreg er ein sterk kopling mellom det å eige eit hus og kjensla av autonomi og sjølvstende.[49] For å kjenne seg vaksen, for å utøve rolla si som mor og bestemor trong Nina ikkje berre eit hus, men også å eige ei hytte. Hytta vert brukt for å passe inn, ikkje naudsynlegvis berre i ferien, men også i kvardagen.[50] Hytte fungerer som eit sosialt innpass med dei ein er saman med i det sosiale livet i kvardagen.

Hytta vert ein førestilt likskap. Mediemerksemda hyttelivet får seier noko om korleis ein påskeferie i Noreg skal vere. For å passe inn, så handlar det også om korleis ein skal passe inn i ferien, og korleis og kvar ein tilbringar ferien. Dette handlar i mange av mine informantar sine tilfelle om snø og ski. Nina er ærleg på at dette kostar ho svært mykje økonomisk, trass det er det viktig for ho.

Ei anna bestemor eg møtte i Myrkdalen, som eg kalla Annlaug, fortel om hyttelivet til seg og sine barnebarn.

Annlaug seier at det er så mange frå Orvik som har hytte her. Ein høyrer Orvikinga, og møter dei heile tida. Men kva med dei som ikkje har hytte då? Nei, kva med dei, dei vert nok utanfor. Heime er det heilt stille i helgene. Men er dei med opp av og til då? Spør eg. Ja, det er dei! Det er dei opptekne av, at barna skal få vere med opp ofte. Men det er klart, det er dyrt, det er ikkje for alle, seier Annlaug. Ho fortel vidare: «Vi har snakka om det, kor mykje meir våre barnebarn får enn det vi fekk». Ho tenkjer seg om. «Ja... det kostar mykje å ha ein plass som det her, det er sikkert, men gjennom å ha det, så får vi ressurssterke barn, og det treng vi».[51]
Ein varm seinsumardag er eg med Silje, som er i førtiåra, og mor hennar på stølen på fjellet utanfor Voss. Eg fortel om mitt inntrykk av Voss, at alle har støl her. Stemmer det? Blant venane de har for eksempel, har alle hytte eller støl? Mora går gjennom alle venane sine, alle har eller har hatt støl eller hytte, med eller ikkje med fjorden. «Men mine vener er alle ganske velståande, med gode jobbar og gode lønningar» seier ho. Silje svarar bestemt nei. Det er ikkje alle som eig. Men om eg stiller spørsmålet litt annleis, seier eg. Kor mange er det som har tilgang til hytte eller støl? Jo, alle har vel foreldre som har, fortel Silje. Med det same det kom til tilgang og til bruk, så endra ho meining. Ho ramsar opp kvar folk kan vere på hyttene sine, dei kan vere på Haugastøl og Kristiansand, og mange stadar. Så om det er tilgang til hytte du meiner, så har alle det, seier ho.[52]

Kor frie er folk i ferien sin? I forskinga mi ser eg at folk anstrengjer seg, dei gjer eit arbeid, og kjenner eit sosialt press for å få seg hytte. Det er eit press på kvar ein skal vere i helger og ferier, og også kva ferdigheiter ein skal tileigne seg i desse feriedagane, særleg gjaldt dette vinterstid, for å lære ferdigheiter som å gå/stå på ski.[53] Fleire foreldre fortel at dei ikkje vil at deira barn skal vere att i bygda eller i gata i desse feriane. Som ekteparet Knut og Lise i førtiåra, som eg møter på sumarhytta deira ved sjøen utanfor Sandefjord. I Oslo bur dei i eit velståande område, ein sentral hageby. Lise seier at ungane ikkje kan vere att i huset når det er vinter, påske eller sommarferie. Då er det ingen barn att i gata. Sumartid er det stille fram til fyrste august, då alle brått er attende. Ho og Knut fortel at dei ikkje eig ei eiga hytte, der dei kan gå på ski. Like fullt har dei no ordna seg ved at dei kvar påske er på syster hennar si hytte, der barna kan gå på ski. Kvar vinterferie er dei med nokre vener på deira hytte. Sjølv er dei opptekne av at borna skal lære seg å gå på ski. Særleg er Lise oppteken av dette, sidan ho har opplevd sjølv korleis det er å ikkje ha hytte og ikkje kunne gå på ski både som barn og som vaksen. Tidleg i deira forhold lurte ho Knut til å tru at ho var betre på ski enn ho eigentleg var. Han fortel at dei reiste til Hemsedal for å stå på ski, og at dei to, og kameraten hans, gjekk på topptur i bratt terreng. Mot slutten av turen måtte kameraten bære skia hennar, og då ho sto på toppen av fjellet innrømte ho at ho ikkje kunne stå på ski. Knut sjølv meiner han ikkje er så oppteken av å lære borna skigåing. Han fortel at grunnen til det moglegvis er at han, lik med å eige ei hytte, alltid har hatt dette, og difor ikkje veit korleis det er å vere utanfor, slik som Lise.

Lise si historie er ikkje unik. I visse miljø, visse gater og bygder, verkar det som om ein må feriere på ein spesifikk måte for å kjenne seg akseptert og inkludert, så vel i ferien som i kvardagslivet. På denne måten vert ferien og fritida eit arbeid for å verte ein del av eit samfunn. Det kan handle om eit arbeid for å kome innanfor ein familie og eit lokalsamfunn. Men kan vi også tenkje om hyttetilgang og eigarskap som ein tilhøyrsle til nasjonen, for å kjenne seg norsk? Kan det vere at for å verte inkludert i ein middelklasse norskdom[54], så bør ein gå/stå på ski? Marianne Lien og Simone Abram skriv «det å ikke ha tilgang til hytteliv kan oppleves som om man ikke fullt ut tar del i den store fortellingen om det gode liv i Norge».[55]

Å ikkje passe inn?

Sosial ulikskap vert gjort usynleg i den nasjonale forteljinga som knyt ski og hytteliv til norsk identitet og nasjonalkjensle. Eg tenkjer på jenta som ikkje ligg på magen og skyt på blink, som ikkje har ei bestemor som held ho i armane med skia til alle kantar. Moglegvis overdøyver og skjuler den her førestilte likskapen om hyttekos og skigåing, og tanken om at nordmenn er like i naturen, at det ikkje er tilfeldig kven som tek del i det her fellesskapet og kven som ikkje gjer det.

Nyleg har Statistisk Sentralbyrå synleggjort at seks av ti barn frå familiar med låg inntekt aldri er på ski.[56] Som økonomikommentator Cecilie Becker skriv, «en stor gruppe barn går dermed glipp av både mestringsfølelsen man får ved å suse ned bakken, og gleden ved å delta i et fellesskap som definerer mye av norsk kultur».[57] Meir enn hundre år etter den oppglødde nasjonsbygginga og iveren etter Nansen kan snø og ski fungere som markørar med bismak. Eigarskap og tilgang til hyttelivet er heller ikkje tilgjengeleg for alle, det ekskluderer langs sosioøkonomiske og etnisitetslinjer.[58] Hytte er i dei fleste tilfelle noko ein kjøper etter fyrst å eige eit hus. Men tilgang til bustad er svært ulikt fordelt i befolkninga. Sosiologane Georg Galster og Terje Wessel syner at ein i gjennomsnitt har ein million kroner meir dersom ein har besteforeldre som har kjøpt hus i Oslo før 1960.[59] Skiljane er slik store i bustadmarknaden, så vel som i hyttemarknaden. Kven som tek del avheng av kvar ein bur, kvar foreldre og besteforeldre har budd, yrke, kor mykje pengar ein har og kven ein er i familie med. Som synt er hytte vorte brukt som eit symbol på den norske egalitetsideologien, men denne velstanden som hyttetilgang i mange tilfelle er, vert skoddegjort gjennom hyttekos og vidareført gjennom arv.

Ski og hytteliv skapar slik ein konformitet, ei snever forståing av norskdom, der andre moglege norskdomar vert forstumma. I ei slik forståing må ein ha kjennskap til friluftsliv for å kjenne seg som ein fullverdig deltakar av det norske samfunnet. Som synt i artikkelen opplev mange av mine informantar også eit press og eit arbeid for seg og sin familie for at dei er innanfor dette idealet. Til dømes Nina som set seg i stor gjeld for å kjøpe leilegheita i Myrkdalen, eller Lisa og Knut som ikkje let ungane vere att i gata i feriane. Ved å bidra til bestemte idear om kva norsk identitet inneber, kan ski og hytteliv slik fungere som sosiale grenser. Skoddesida av ei slik nasjonal forteljing kan vere ei kjensle av utanforskap av dei som ikkje kjenner seg att, eller lukkast i arbeidet med å passe inn. I det førestilte likskapsfellesskapet kring ski og hytteliv eksisterer det dimed ei dobbeltheit. Hytteferien og fritida er mogelegvis ikkje så fri som den verkar som, for mange av mine informantar handlar det på same tid om eit press og eit strev. Det vert eit arbeid for å passe inn, og kjenne tilhøyrsle i samfunnet.


Vitenskaplig, fagfellevurdert artikkel.
Godkjent artikkel før siste korrektur. Mindre avvik fra trykt artikkel kan forekomme.

Fotnoter og litteratur

[1] Nordeide, «På hytta:ein etnografi om slekting i Noreg». Doktorgradsavhandling, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, 2024, 98–99. Artikkelen er basert på denne avhandlinga, og prøveforelesinga med tittel: «Sosialantropologiske perspektiver på likhet og ulikhet i Norden».

[2] Doktorgradsprosjektet var del av prosjektet «MATKIN: Materialisering av slektskap: Norske hytter i et livssyklusperspektiv».

[3] I denne artikkelen er personar anonymisert, medan stadar i visse tilfelle er anonymisert.

[4] Vike, «The Protestant Ethic and the Spirit of Political Resistance», 118.

[5] Stenius, «The Good Life is a Life of Conformity: The Impact of Lutheran Tradition on Nordic Political Culture», 63.

[6] Stenius, «The Good Life is a Life of Conformity: The Impact of Lutheran Tradition on Nordic Political Culture».

[7] Marit Melhuus mfl., Fjern og nær, 21.

[8] Barnes, «Class and Committees in a Norwegian Island Parish».

[9] Gullestad, «Kitchen-Table Society».

[10] Gullestad, Kultur og hverdagsliv; Gullestad, The Art of Social Relations; Gullestad, Det norske sett med nye øyne, 83.

[11] Vike, Lidén, og Lien, Likhetens paradokser, 18.

[12] Aarset, «Conditional Belonging», 307.Mi oversetjing.

[13] Nordeide, «På hytta», 148., Upubliserte feltnotatar.

[14] Lien og Abram, Hytta, 27.

[15] Gellner, Nasjonalisme; Anderson, Imagined Communities.

[16] Berggreen, Da kulturen kom til Norge; Eriksen, Ethnicity and Nationalism, 122.

[17] Garborg, Heimestell; Garborg, Norsk klædebunad;

[18] Christensen, Ut i det fri, 49.

[19] Billig, Banal Nationalism.

[20] Frykman, Den kultiverade människan. I Sverige var det også ei førestilling om at svenskane var(t) eit naturelskande folk.

[21] Stenseth, En norsk elite.

[22] Slagstad, På sporet av en nasjon, 303.

[23] Thyvold, Historien om Nansen og Amundsen, 181:74.

[24] Thyvold, 181:77–78.

[25] Bli med Prinsesse Ingrid Alexandra og Kronprinsfamilien på skitur.

[26] Abram, «“The Normal Cabin’s Revenge”», 246.

[27] Billig, Banal Nationalism.

[28] Ween og Abram, «The Norwegian Trekking Association», 156.

[29] Ween og Abram, 165.

[30] Ween og Abram, 165.

[31] Gullestad, «Naturen i norsk kultur».

[32] Ween og Abram, «The Norwegian Trekking Association», 166.

[33] Christensen, Ut i det fri.

[34] Christensen.

[35] Christensen, 238.

[36] Gullestad, Kultur og hverdagsliv.

[37] Grasmo, «Stoltenberg blir ny finansminister».

[38] Lagerqvist, «The Importance of an Old Rural Cottage»; Caldwell, Dacha Idylls.

[39] Eriksen, Typisk norsk.

[40] Nordeide, «På hytta», 88.

[41] Nordeide, 94.

[42] Nordeide, 47; Ween og Abram, «The Norwegian Trekking Association», 165.

[43] Nordeide, «På hytta».

[44] Gullestad, «A Passion for Boundaries», 24.

[45] Anderson, Imagined Communities.

[46] Nordeide, «På hytta».

[47] Nordeide, 139–40.

[48] Nordeide, 130.

[49] Gullestad, «Kitchen-Table Society», 85.

[50] Gullestad, «Kitchen-Table Society». Marianne Gullestad brukar omgrepet «fit in» eller å passe inn, om korleis kvinnene i hennar felt kjenner tilhøyrsle til andre.

[51] Nordeide, 130.

[52] Upubliserte feltnotatar.

[53] Fleire menneske fortel meg om at det er ein skilnad mellom ski, mellom langrenn og slalom. Dei fortel om ferdigheiter som ein får ved langrennsporten som er viktige, som å streve og slite for å nyte.

[54] Skilbrei, «Med middelklassen som ideal».

[55] Lien og Abram, Hytta, 27.

[56] Haugland, «Meir skigåing blant barn frå høginntektsfamiliar».

[57] Becker, «Forskjellene i pengebruk på barn er helt ekstremt».(Min kursiv).

[58] Bloch, «Hytte-Norge er flerkulturelt»; Steinset, «Mange drøymer om hytte – kven gjer draum til røyndom?»

[59] Galster og Wessel, «Reproduction of Social Inequality through Housing».

Litteratur

Abram, Simone. «“The Normal Cabin’s Revenge”: Building Norwegian (Holiday) Home Cultures». Home Cultures 9, nr. 3 (november 2012): 233–55. https://doi.org/10.2752/175174....

Anderson, Benedict. Imagined Communities: Reflections on the Origin and Spread of Nationalism. Rev. ed. London: Verso, 1983.

Barnes, J. A. «Class and Committees in a Norwegian Island Parish». Human Relations 7, nr. 1 (1. februar 1954): 39–58. https://doi.org/10.1177/001872....

Becker, Cecilie Langum. «Forskjellene i pengebruk på barn er helt ekstremt». NRK, 18. januar 2025. https://www.nrk.no/ytring/fors....

Berggreen, Brit. Da kulturen kom til Norge. Oslo: Aschehoug, 1989.

Billig, Michael. Banal Nationalism. London: SAGE, 1995.

Bli med Prinsesse Ingrid Alexandra og Kronprinsfamilien på skitur. YouTube, 2022. https://www.youtube.com/watch?....

Bloch, Vilni Verner Holst. «Hytte-Norge er flerkulturelt». ssb.no, 2018. https://www.ssb.no/bygg-bolig-....

Caldwell, Melissa L. Dacha Idylls: Living Organically in Russia’s Countryside. Berkeley, CA: University of California Press, 2010.

Christensen, Arne Lie. Ut i det fri: livet på setra, hytta og landstedet. Oslo: Pax, 2015.

Eriksen, Thomas Hylland. Ethnicity and Nationalism: Anthropological Perspectives. 3rd ed. Anthropology, Culture and Society. London: Pluto Press, 2010.

———. Typisk norsk: essays om kulturen i Norge. Bd. 2. Norsk tid. Oslo: Huitfeldt, 1993.

Frykman, Jonas. Den kultiverade människan. Bd. 11. Skrifter (Etnologiska sällskapet i Lund). Stockholm: Liber förlag, 1979.

Galster, George, og Terje Wessel. «Reproduction of Social Inequality through Housing: A Three-Generational Study from Norway». Social Science Research 78 (2019): 119–36. https://doi.org/10.1016/j.ssre....

Garborg, Hulda. Heimestell. 3. auka utg. Kristiania: Aschehoug, 1922.

———. Norsk klædebunad: (fraa ymse bygdir). Bd. 13. Norske folkeskrifter (trykt utg.). Oslo: Norigs ungdomslag og Student-maallaget, 1903.

Gellner, Ernest. Nasjonalisme. Omsett av Pål Eitrheim. Oslo: Spartacus, 1998.

Grasmo, Julie. «Stoltenberg blir ny finansminister». NRK, 4. februar 2025. https://www.nrk.no/norge/stolt....

Gullestad, Marianne. «A Passion for Boundaries: Reflections on Connections Between the Everyday Lives of Children and Discourses on the Nation in Contemporary Norway». Childhood (Copenhagen, Denmark) 4, nr. 1 (1997): 19–42. https://doi.org/10.1177/090756....

———. Det norske sett med nye øyne: kritisk analyse av norsk innvandringsdebatt. Oslo: Universitetsforl, 2002.

———. «Kitchen-Table Society: A Case Study of the Family Life and Friendships of Young Working-Class Mothers in Urban Norway». Kvinners Levekår Og Livsløp. Doktorgradsavhandling, Universitetsforlaget, 1984.

———. Kultur og hverdagsliv: på sporet av det moderne Norge. Det blå bibliotek. Oslo: Universitetsforlaget, 1989.

———. «Naturen i norsk kultur». I Kulturanalyse, redigert av Trine Deichman-Sørensen, Ivar Frønes, og Odd Are Berkaak, 81–96. Oslo: Gyldendal, 1990.

———. The Art of Social Relations: Essays on Culture, Social Action and Everyday Life in Modern Norway. Scandinavian Library. Oslo: Scandinavian University Press, 1992.

Haugland, Ingrid. «Meir skigåing blant barn frå høginntektsfamiliar». SSB, 17. januar 2025. https://www.ssb.no/kultur-og-f....

Lagerqvist, Maja. «The Importance of an Old Rural Cottage: Media Representation and the Construction of a National Idyll in Post-War Sweden». Journal of Rural Studies 36 (2014): 33–41. https://doi.org/10.1016/j.jrur....

Lien, Marianne Elisabeth, og Simone Abram. Hytta: fire vegger rundt en drøm. Oslo: Kagge Forlag, 2019.

Marit Melhuus, Signe Howell, Lena Endresen, Bente Klinge, og Sigrid Moen. Fjern og nær: sosialantropologiske perspektiver på verdens samfunn og kulturer. Oslo: Ad notam Gyldendal, 1994.

Nordeide, Anita. «På hytta:ein etnografi om slekting i Noreg». Doktorgradsavhandling, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, 2024. https://www.nb.no/items/fbaa48....

Skilbrei, May-Len. «Med middelklassen som ideal». dagbladet.no, 29. mai 2010. https://www.dagbladet.no/kultu....

Slagstad, Rune. På sporet av en nasjon. 1. utgave. Oslo: Cappelen Damm, 2023. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-n....

Steinset, Trond Amund. «Mange drøymer om hytte – kven gjer draum til røyndom?» ssb.no, 2016. https://www.ssb.no/bygg-bolig-....

Stenius, Henrik. «The Good Life is a Life of Conformity: The Impact of Lutheran Tradition on Nordic Political Culture». I The Cultural Construction of Norden. Oslo: Scandinavian University Press, 1997.

Stenseth, Bodil. En norsk elite: nasjonsbyggerne på Lysaker 1890-1940. [Rev. utg.]. Oslo: Aschehoug, 2000.

Thyvold, Hans Olav. Historien om Nansen og Amundsen. Bd. 181. Font. Oslo: Font, 2018.

Vike, Halvard. «The Protestant Ethic and the Spirit of Political Resistance: Notes on the Political Roots of Egalitarianism in Scandinavia». I Egalitarianism in Scandinavia, 111–33. Approaches to Social Inequality and Difference. Cham: Springer International Publishing, 2018. https://doi.org/10.1007/978-3-....

Vike, Halvard, Hilde Lidén, og Marianne Elisabeth Lien, red. Likhetens paradokser: antropologiske undersøkelser i det moderne Norge. Oslo: Universitetsforlaget, 2001.

Ween, Gro, og Simone Abram. «The Norwegian Trekking Association: Trekking as Constituting the Nation». Landscape Research 37, nr. 2 (1. april 2012): 155–71. https://doi.org/10.1080/014263....

Aarset, Monica Five. «Conditional Belonging: Middle-Class Ethnic Minorities in Norway». I Egalitarianism in Scandinavia, 291–311. Approaches to Social Inequality and Difference. Cham: Springer International Publishing, 2018. https://doi.org/10.1007/978-3-....

Denne artikkelen sto på trykk i Arr 1/2025
Ferien
Les også: