Rolv Nøtvik Jakobsen

NTNU/Gunnerusbiblioteket
<a class="byline" href="mailto:rolv.n.jakobsen@ub.ntnu.no">rolv.n.jakobsen@ub.ntnu.no</a>

Artikler

Medvitslause kvinner og den store vekkinga som heimsøkte vårt land

Medvitslause kvinner og den store vekkinga som heimsøkte vårt land

I ein periode frå midten av 1800-talet fekk kvinner i ulike delar av Norge sterke skjelvingar og vart medvitslause. I ettertid kunne dei fortelje om religiøse visjonar dei hadde hatt. Bjørg Seland skildrar i boka «Synepiger» og «Sværmersker». Religiøs mystikk mellom tradisjon og modernitet nokre av dei mest kjente eksempla og prøver å forstå kva som stod på spel ved å sjå dei i samanheng med samfunnsmessige endringar og historiske parallellar. Seland dokumenterer at desse fenomena vart omtalt og diskutert i samtida og at dei stadig blir tematisert i lokalhistorisk litteratur. Men dei har i liten grad blitt ein del av dei store sentralt organiserte framstillingane av norsk idé-, kultur- eller kyrkjehistorie. Kanskje har det sin grunn i at det er forteljingar som dreier seg om ulærde kvinner i det som vart oppfatta som utkant både i geografisk forstand og i forhold til etablerte religiøse tradisjonar? Eller kanskje er det like så viktig at det var fenomen i eit grenseland i forhold til normalitet, sjukdom, mystikk og religion. Nettopp det perifere, avgrensa og marginaliserte ved materialet gjer det vel eigna til å kaste nytt lys over vår nære kultur- og idéhistorie.

Bokmelding av
«Synepiger» og «Sværmersker: Religiøs mystikk mellom tradisjon og modernitet

Før, etter, under og over «Rubin-året»

Jan-Erik Ebbestad Hansen har skrive ei omfattande og spennande bok med utgangspunkt i dei skjellsettande hendingane i det han kallar «Rubin-året», altså 1957: Da Norge mistet dyden. Moraldebattane i etterkrigstida som toppa seg i rettsaken mot Mykle dette året var nemleg grunnleggande for det baksideteksten kallar «fremveksten av det liberale samfunnet i Norge». Allereie i forordet gjer forfattaren det umisforstå­eleg klårt korleis han stiller seg til det som skjedde for snart 55 år sidan: «Hvis fremstillingen gir inntrykk av at jeg er vennlig stemt overfor det liberale samfunnet som forsvarerne av Mykles roman var med å kjempe frem, er det riktig. Jeg er en tilhenger av dette samfunnet, og håper det kan utvikles videre.» (s. 5)

Bokmelding av
Da Norge mistet dyden: Mykle-saken, ytringsfriheten og kampen om moralen