Klede

Leder

Idéhistorie kan vera forteljinga om dei store orda og den vidgjetne kanon. Omgrep som Republikk, Sjelen, Fornuft, Natur. Det er ok, det. I dette nummeret ville me undersøka noko meir handfast, nemleg klede; desse plagga me dreg på oss kvar morgon, og som former liva me lev på fleirfaldige vis.

Mange legg ned mykje arbeid, tid og tankar i kva klede dei vel å ta på seg. Sjølvsagt tenker ein på den meist grunnleggande grunnen til at ein driv på med desse kleda, å komma seg komfortabel gjennom dagen i eit tidvis hardt og for nakne menneskekroppar ubehageleg klima, men det er mange andre spørsmål som òg kverner rundt i hovudet til det påkleande mennesket; spørsmål knytt til sakar som kva for nokre klede som er in no, kven ein vil framstå som overfor andre i dag og kor mykje skade kjemikaliane i kleda har påført arbeidarane som laga dei.

Denne typen spørsmål har i forskjellige former fylgt forskjellige folk til forskjellige tider. For å komma nærare det ikledde mennesket har me i arbeidet med nummeret fylgt opp med ytterlegare tre problemstillinger ein kan grunna over framfor klesskapet: Kva for ein rolle spel klede i skapinga av identitet? Blir klede skapt og brukt på ein annan måte no enn tidlegare? Og kan dette seia noko om korleis me verkar i verda?

Tekstane som venter på deg skildrar klede som noko som både skaper og innsnevrar speleromma våre. Dei vil ta deg frå konfirmasjonsdag i Nesseby til systovene i Paris, frå folkedraktsamlinga på Fagernes til dei amerikanske reformdraktrørslene som herja korsettet.

På dei neste sidene finn du lesnad om både Walter Benjamin og neandertalarar. Gratulerer!

Tilbake