Velskrive om omforminga av etablert offentlegheit

Foto: Bjørnstjerne Bjørnson taler på et folkemøte i Gausdal rundt 1900. Foto: Bernt Evenvold/Maihaugen

Velskrive om omforminga av etablert offentlegheit

Av Øystein Lydik Idsø Viken

September 2020

Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913

Komme til orde. Politisk kommunikasjon 1814–1913

Anders Johansen

Universitetsforlaget
Oslo, 2019

Trass manglar er Komme til orde ein inspirerande og verdifull studie av det politiske rommet.

1814 gav ikkje folkemakt i Noreg. Dei store oppgjera om det politiske liv stod i dei neste generasjonane, stadig meir tilspissa, stadig meir høgrøsta. Bønder, arbeidarar, eigedomslause og kvinner greip etter talarstolen, medan det gamle regimet heldt seg for nasen og heldt dei frå livet. Lenge lukkast embetsmennene med å piska bonderepresentantar ned i seta og gjera Stortinget til arena for turnering av klassiske danningsideal. Så glapp det, allmugen byrja å forma si eiga offentlegheit og gjera ordmakta si. På ein mannsalder kring hundreårskiftet vart eit reelt representativt demokrati utmeisla, der representantane måtte stå til ansvar for, og appellera til, folket, ikkje berre sine likesinna i eliten.

Anders Johansen går i Komme til orde skapinga av moderne norsk politisk retorikk etter i saumane. Nærmast som ei historisk handbok til den første kronologiske halvdelen av den retoriske databasen virksommeord.no, bygd opp av han og Jens Kjeldsen, syner framstillinga dei historiske interessene som låg bak dei store orda. Med treårig oppstartsstøtte frå NFFO har han som sakprosaprofessor ved UiB kunna via mykje tid til eit større forsking – og formidlingsarbeid, heller enn å la artikkelpressa løpa. Ut av arbeidet har det komme eit veldig verk på nær 900 sider, men òg eit engasjerande verk, som riv lesaren med seg gjennom hundre år med offentleg stemmestrid.

Komme til orde tek føre seg debatten bak dei store politiske kampane på 1800-talet og forandringa av allmenta som følgde med dei ‒ frå fridomsideala hos 1814-generasjonen og deira patriotiske krafttalar, via embetsmannsstaten sin tilknappa deliberasjon, til kanonsalvene frå venstrerørsla sine folketalarar. Ei retorisk noregshistorie for 1800-talet har det slik vorte, der den politiske kulturen får spela hovudrolla i analysen av offentlege vegval. Kronologien er delt opp i bolkar som delvis overlappar, for slik å følgja dei glidande overgangane i offentlegheitsideal. Framstillinga hoppar dermed noko att og fram, som kan vera vel utfordrande å følgja i ei slik ekstensiv framstilling, der forfattaren legg vekt på dei store samanhengane. Til gjengjeld strammar Johansen det greitt saman med aktiv skilting til sidetal i fotnotar. Meir uheldig er det då at periodane er ulikt disponert, særleg at dei siste tre tiåra er via forholdsvis liten plass, med dei følgjene dette har for forståinga av gjennombrotet for både kvinnesaka og arbeidarrørsla.

Som retorisk oversiktshistorie har ikkje framstillinga som siktemål å bringa til torgs ny empiri om politisk utvikling på 1800-talet: «Lesere med interesse for politisk historie vil merke at de beveger seg i kjente omgivelser. Men veien er lagt om, utsiktspunktene er andre enn før» (s. 30). Perspektivet utfyller då òg meir realhistoriske orienterte framstillingar og evner å levandegjera samtidig ideologi og politisk utvikling. Johansen auser her av eit vell av retoriske situasjonar og krydrar raust med talande sitat. 1800-talet sin politiske kultur får slik ny forklaringsverdi gjennom aktørane si artikulering av sitt eige verdigrunnlag. Talene glir lett over i kløktige analysar, tidvis vel lett, der overgangen frå attgjeving og vurdering ikkje alltid er like tydeleg.

Samtidige utsegner bygger opp under ei breiare samfunnsanalyse, der Johansen er rundhanda i si referering til nytta fagtekstar. Ordskiftet blir sett opp mot den sosiale utviklinga, mot rettsstaten si utvikling og teknologiske framsteg. Lesaren får slik eit godt oversyn over den historiske konteksten, korleis samtidige premiss forma orda, men òg korleis orda forma samfunnet rundt seg. Tidvis samanliknar Johansen med si eiga samtid. Det er ikkje alltid like vellukka. Med dagens amerikanske opprør i minne, gir det mindre meining å lesa at «sinnet er – nå, i det siste, i vår del av verden – blitt marginalisert» og «[d]en som er kynisk og smart og smilende, og vet å komme seg fram i verden, er det ingen som har noe å innvende mot» (s. 390).

Gjennomgåande står altså den politiske kommunikasjonen i sentrum. Johansen syner korleis store politiske brot òg var retoriske brot, der nye oratorar gjorde tidlegare heilstøypte taleideal om til skvalder, og samtidig reiv hevdvunne sanningar ned frå pidestallen. Embetsmannsregimet si endelykt var ikkje berre at prinsippa i det gjeldande systemet møtte motbør, men at forsvarstalarane for det mista sin appell. Innanfrå Stortinget gjorde den vidsynte Sverdrup kål på stive professorpolitikarar med rike formuleringar og utvendige geberdar. Utanfrå bles Bjørnson ned korthuset med pompøs kraft. Sentrale personar blir via god plass, men der fokuset ligg på deira påverknad på den politiske offentlegheita. Individuelle og kollektive forhold glir med det godt saman.

Johansen får slik godt fram dei retoriske vinklane på dei store politiske kampane på 1800-talet, korleis debatt og deklamasjon arta seg på dei offentlege talarstolane. Boka er skrive langs «to spor», for det første korleis nye grupper, frå bondeopposisjonen til kvinnerørsla, følgde etter kvarandre i oppbrotet frå «de stummes leir», for det andre «skiftningene i den politiske elitens retoriske kultur» (s. 27). Slik måtte altså kampen for retorisk medborgarskap vinnast igjen og igjen, der nye grupper på sikt lukkast med å omforma den politiske offentlegheita, ved å legga premissa for korleis ordskiftet skulle fungera. Desse gruppene endra slik sitt uttrykk, frå handlingsspråk til verbalspråk, ifølgje Johansen, frå vald til politikk, og måtte slik plutseleg takast på alvor. Slik vart bermen ei større utfordring, deira sak kunne ikkje berre avvisast som eit ordensproblem. Ved å formulera sine krav i akseptable termar, tok dei kampen på makta sine eigen arena. Orda vart slik farlegare og gjennomslaget større.

For å forklara den langsiktige omforminga av stortingssalen har dette blikket opplagt forklaringskraft. Ved at Johansen vektlegg vegen fram til eliten sin kommunikasjonsform, blir likevel utanforståande grupper lenge undervurdert i den politiske kulturen. Her må det leggast til at Johansen får fram den tidlege historia til haugianarar, arbeidarrørsla og det som vart venstrerørsla, men denne blir likevel framstilt innanfor plottet om det endelege målet om formell påverknad, i tråd med verket sin hang til demokratisk siviliserande teleologi. I den overordna romansen finst det slik fleire tragediar, Thrane-rørsla blir «de menn som ingen stemmer har» (s. 437), bondepolitikarane dei som har «vett til å tie» (s. 230). Tidlege representantar for dei kollektive størringane blir innplotta på same måte, som ulukkelege skjebnar som fell gjennom når dei hever stemmen. Søren Jaabæk og Ole Gabriel Ueland blir såleis mislukka figurar, deira virke får først tyding etter deira tid, for «[b]egge hadde mange talenter […] men talere var de ikke» (s. 251). Her kunne nok den realhistoriske utviklinga i større grad fått nyansert biletet, for slik å visa den presskrafta som tross alt fanst mellom dei tause stortingsbøndene.

Nokre stader blir utfordrande kommunikasjon løfta fint fram. Dette er særleg tydeleg i skildringa av den politiske kulturen i tida før den aktuelle studien eigentleg tek til, med «teaterpolitikken» (s. 116) i den eineveldige ordskiftet, men òg i framstillinga av Statsborgeren, avisa som skandaliserte embetsmenn frå 1831 og slik var med å bana veg for bondestortinget året etter. Her syner Johansen korleis ordskiftet kunne ha ein konstruktiv opposisjonell funksjon òg tidleg i perioden, korleis offentleg kritikk «i det minste på kort sikt i det hele tatt kunne ha en virkning» (s. 293). Såleis får han fram korleis det fann stad vellukka former for utfordring av embetsmannsregimet. Likevel blir opposisjonelle framgangsmåtar nok tematisert mindre enn ein kunne ha ønska seg i eit omfattande prosjekt som dette, og dei blir altså framstilt som avgrensa fenomen.

Sidan ei førande tese er at den retoriske kulturen i det gamle regimet levde vidare, ville det vore interessant å forfølgja dei strategiane dette regimet vart konfrontert med i større grad, og korleis desse omforma offentlegheita òg på lang sikt. I staden blir folkeleg motstand heller skildra som fåfengte tumultar, slik som bondetoget i 1818. Ikkje før bøndene verkeleg erobra tinget i 1833 og såleis «fulgte de nye spillereglene» var «[d]en folkelige opposisjonen […] blitt medvirkende, konstruktiv», ifølgje Johansen (s. 769). Først ved å innordna seg systemet vart bøndene sin kritikk slik verksam, motsetningsfylt nok. Perioden 1840‒1870 blir dermed heller via prinsippa i eliten sin debatt, der «trusselen nedenfra» (s. 445) blir mislukka aktivisme. Òg for tiåra seinare blir konfronterande protestar heller tolka som radikalisme utan eigentleg retorisk kraft. Gatekampar av politisk karakter står mellom etablerte krefter i forfatningsstriden, Venstre og Høgre. Sosiale opprør går derimot inn i narrativet som «slåsskamper og hærværk» (s. 449). Ikkje før utfordrarane kunne erobra kommunikasjonsmonopolet, har dei gjennomslagsevne, som medborgar i establishmentet. Gateparlamentet mistar slik stemma i framstillinga, medan arbeidarrørsla blir «et middel til dannelse og disiplinering» (s, 451). Johansen skil skarpt mellom det han kallar talande handlingar og verksame ord. Den som står på utsida og kastar stein blir ikkje høyrt.

Å la embetsmannsregimet råda grunnen aleine i generasjonen etter 1840, der den moderne organisasjonsdanninga spinn som ein sjølvpolitiserande siviliseringsprosess er ganske gjengs, og eit slikt perspektiv er difor kanskje ikkje uventa i denne studien, som ikkje legg an ei svært utfordrande tolking. Her kunne likevel Johansen dratt større veksel på tradisjonen frå E.P. Thompson, Eric Hobsbawm og George Rudé, anna enn eit par spreidde merknadar, for å få fram massen si kraft som politisk pressmiddel utanfrå systemet, utover 1800-talet med. Utan å samla spreidde opprør til ei kollektiv rørsle, slik denne tidlege «historia nedanfrå» tenderte til, ville det vore mogleg å få fram korleis fysiske demonstrasjonar òg manifesterte systemkritiske haldningar og var uttrykk for eit politisk tankesett. Folkelege opprør treng ikkje å bli redusert til destruktiv vald, gatekampane hadde sitt eige retoriske repertoar, ytringane vart ikkje anerkjent, men heller ikkje oversett.

Når opprør og demonstrasjonar kunne sikta seg inn på enkeltpersonar og fenomen og ikkje uttrykte nokon stringent systemkritikk, kan det like mykje forklarast med realitetar og pragmatikk ‒ kva ein såg føre seg å faktisk oppnå med motstanden ‒ som at det var «ingen egentlig reformvilje» der «målet var ikke annet enn å komme tilbake til det normale» (s. 446). Heller kan Onsumslaget og Schibbyekrigen tolkast som politiske handlingar med realistiske mål, men med eit sterkt klassemedvit og vilje til sosial endring. Slik går det òg an å forstå gapet frå Thrane til DNA, som vedvarande bevisstgjering, oppvakning heller enn opplysing, der opprøra fysisk manifesterte ei systemkritisk oppfatning, som dei høge herrar ikkje berre kunne avvisa, men stadig motkjempa. Johansen gir indignasjon og rettferdig harme ein konstruktiv funksjon innanfor stortingsveggane (386‒390), han kunne anerkjent den meir òg utanfor. Massen sitt engasjerte sinne har ein plass i 1800-talet sin politiske kultur, som det har det i dagens antirasistiske mobilisering.

I staden får ytringskulturen eit heller konformt preg hos Johansen. I narrativet om den lange vegen til talarstolen sit stortingsbønder tause av eiga vilje, fordi dei kjenner seg mindreverdige og tviler på seg sjølv. Bermen fell hen til avmakt og bortkasta uverksam vald og har ikkje politisk påverknad før han blir del av den politiske orden. Ikkje før det reine omskiftet kjem, før dei underdanige kan nytta ytringsfridomen til sin fordel, får dei ei stemme for seg sjølv. Dermed kjem brota òg vel brått, den politiske kulturen utviklast i etappar, der forhistoria er ei førebuing til det endelege målet om å bli innlemma mellom dei opphøgde på talarstolen. Sjølv om Johansen får godt fram korleis den politiske offentlegheita blir kasta om, i det nye grupper gjer sitt høglydte inntog, er vegen til politisk integrasjon slik i for stor grad prega av dei servile si hjelpeløyse. Analysen om at «slåsskamp er veien til fellesskap» manglar slik tak, fordi han legg til grunn at «retorisk aggresjon» (s. 758) må gå føre seg på ein felles anerkjent arena, der utvendige ytringskrefter ikkje har interaktiv funksjon.

Som studie av det politiske rom er Komme til orde uansett inspirerande og verdifull. Ei slik heilskapleg framstilling av politisk debatt gir eit skjeldan samordna blikk på Noregs formative politiske periode. Anders Johansen viser her ei formidabel forståing for samvirket i den politiske debatten og samanhengen med den breie samfunnsutviklinga, lagt fram i ei engasjert, livleg forteljing, som vekslar godt mellom dei politiske korridorar og dei offentlege talar. Den politiske historia får her kjøt på beina på eit heilt eklatant vis.

Godkjent artikkel før siste korrektur. Mindre avvik fra trykt artikkel kan forekomme.
Denne artikkelen sto på trykk i Arr 3/2020
Grisen
Les også: